Hopp til innhold

Då Harald vart operert fekk han livet på nytt

Diabetes, skade på auge og nyrer, diger mage og 140 kilo å dra på. Alt det forsvann då Harald Martin Hansen for ti år sidan vart fedmeoperert. Livet smiler framleis – ti år etter.

Fedmeopererte får eit betre liv etter operasjonen. Det er konklusjonen i ein ny forskingsrapport som blei lagt fram i dag. Forskinga viser at fedmeoperasjonar virkar også på lang sikt....

AUKAR LIVSGLEDA: Studien som vart offentleggjort fredag er den første i verda som undersøkjer langtidsverknadane av BPDDS.

– Tidlegare måtte eg ha gardintrapp for å komme meg opp til takboksen på

bilen. No er det berre å klatre opp, seier Harald Martin Hansen, og demonstrerer ivrig.

Men for berre ti år sidan hadde dette vore heilt umogleg for mannen frå Selje, for då var magen for stor. 140 kilo å dra på gjorde mykje som kunne vore lett, vanskeleg. Magen var rett og slett i vegen.

– Det var litt flautt. Alt var mykje tyngre. Berre det å vere med borna på tur eller leike med dei, det var ikkje noko enkelt, seier Hansen.

«Du kjem ikkje til å sjå borna dine vekse opp»

Han prøvde både diett og trening, men til slutt var fedme og diabetes i ferd med å knekkje han.

– Eg fekk grei beskjed. Viss eg ikkje gjorde noko drastisk kom eg aldri til å få sjå borna mine vekse opp, fortel Hansen.

Han legg ikkje skjul på at det var ein tøff beskjed å få.

– Du blir heilt sett ut. Med tanke på at eg hadde ungar og alt så blir det beintøft. Men eg hadde prøvd alle moglege slankekurar, så einaste utvegen eg hadde att, så måtte eg ta den operasjonen, fortel Hansen.

Utvegen vart ein mageoperasjon der ein gjorde inngrep i tarmsystemet.

– Det var den einaste moglegheita eg hadde att. Eg hadde vore overvektig heile livet, og som følgje av det var eg diabetikar, hadde høgt blodtrykk, kolesterol og blodsukker, fortel Hansen.

Diabetesen forsvann på tre månader

Han hadde også teke til å utvikle ein del seinkomplikasjonar av diabetes som er skade på auga, nyrene.

Han blei operert i slutten av mai og verknaden let ikkje vente på seg. I midten av august kunne han pakke vekk alt utstyr han hadde hatt i samband med diabetesen.

– Eg fekk livet igjen. Eg fekk ein ny sjanse, seier Hansen, og jublar over at livskvaliteten er på topp.

Har det bra, også fem år etter

Og nettopp det er også konklusjonen i ein ny forskingsrapport som vart lagt fram fredag.

– Desse pasientane hadde svært dårleg livskvalitet før operasjonen, dei hadde det vondt i livet sitt. Etter operasjonen har dei fått ein veldig forbetring første året. Men vi var spente på om dette ville halde seg over tid, seier doktorgradsstipendiat ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Anny Aasprang.

Forskinga syner at dei som er opererte for fedme også fem år etter har ein livskvalitet som ligg tett opp til resten av den norske befolkninga.

Aasprang har undersøkt korleis dei 50 første som gjekk gjennom fedmeoperasjon ved Førde sentralsjukehus har hatt det over ein femårsperiode.

Har fylt ut skjema

Pasientane har sjølve fylt ut skjema der dei har notert både fysiske og mentale domene og scorar. Dette er gjort eitt, to og fem år etter operasjonen.

– Dette er ei behandling som desse pasientane har hatt god nytte av, og det har vi no dokumentert, seier Aasprang.

Debatten har gått høglydt om ein bør satse på kirurgi, eller om ein bør gå for kosthaldsendring og trening.

– For einskilde som har prøvd mykje og ting har komme for langt, så er kirurgi det beste. Men nokon kan gjere seg nytte av livsstilsbehandling. Det er ikkje noko klart svar, det er ikkje slik at alle skal opererast. Men det viktigaste er å førebyggje, seier Aasprang.

Det støttar overlege ved Førde sentralsjukehus og ein av pionerane innan overvektkirurgi, Villy Våge.

– No veit vi ein god del frå studia i utlandet, men ikkje så mykje når det gjeld livskvalitet over lang tid. Det å få dokumentert dette i den norske befolkninga er veldig viktig, seier Våge.

Slikt som gir jobben meining

Han meiner forskingsrapporten er svært viktig.

-- Det syner at kirurgi kan halde vekta nede og forbetre livskvaliteten i vesentleg grad. Når det gjeld debatten så vil den sikkert alltid gå føre seg. Men vi veit at i ein generell sjukleg overvektig populasjon så er det berre kirurgi som er dokumentert å gi vedvarande vektreduksjon, seier Våge.

Han legg ikkje skjul på at det gjer godt å høyre frå pasientane sjølve at dei har fått eit betre liv etter ein fedmeoperasjon.

– Det er kjempekjekt. Det er jo for å gi pasientane våre eit betre liv at vi jobbar med dette, seier Våge.

Og Hansen er eit godt eksempel på kor god livskvaliteten kan vere ti år etter ein fedmeoperasjon.

– I dag kan eg gjere alt som alle andre kan utan at det er noko som hindrar meg, og det er utruleg godt, seier Hansen.