arkiv©NRK
-No opplever vi stor pågang av lånekundar i økonomisk krise, seier regiondirektør Dag Sandstå.
Felgfabrikken Fundo i Høyanger er akkurat no i offentlige gjeldsforhandlingar, og det kan godt ende med konkurs. I bygda med knapt to og eit halvt tusen innbyggarar vil tapet av tre hundre og åtti arbeidsplassar vere ein katastrofe. I Fokus bank i Høyanger er det no beredskap for å ta seg av kundar i økonomisk krise. Og Fokus bank har all grunn til å vere bekymra. Dersom Fundo går over ende, er det enorme summar som står på spel.