Fodnes kai blir stengt

Frå måndag 17. til fredag 21. oktober vil ferjene i Indre Sogn gå i kriserute mellom Mannheller og Lærdalsøyri. Grunnen er at det skal utførast reinsk- og sikringsarbeid over Fodnes ferjekai. Det betyr nokre færre avgangar og lengre overfart.

Etter sikringa skal det setjast opp eit 300 meter langt rasfanggjerde og 1200 kvadratmeter issikringsnett. – Det blir difor arbeid på kaien også etter at kriseruta er avslutta, og køyremønsteret på kaia kan bli endra, seier byggeleiar Svein Jarle Slinde. Arbeidet skal vere ferdig i midten av desember.