NRK Meny
Normal

Fødetilboda ved lokalsjukehusa i fylket veks i popularitet

Heile 265 fødande kvinner har så langt i år lagt seg inn på ei av God start-einingane på Nordfjordeid eller i Lærdal.

Nyfødt på Nordfjord sjukehus

TRYGT: Far Børge Yndestad held si nyfødte dotter i hendene på Nordfjord sjukehus.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Med sitt fyrste barn i armane er dagane gode for Malene Lunde Sætren frå Deknepollen i Vågsøy. Ho er ei av stadig fleire kvinner som vel å leggje seg inn på lokalsjukehusa etter å ha fødd ved eit større sjukehus.

– Det er veldig deilig og trygt, spesielt for meg som ikkje har hatt ungar før og ikkje veit så mykje, så er det godt å prøve seg fram. Og viss ting ikkje går slik eg trur, så plingar eg, så kjem dei og hjelper og forklarar. Ingen spørsmål er dumme, seier ho.

Plass òg til far

Tre dagar tidlegare fekk dei ei lita jente som skal heite Sanne ved Førde sentralsjukehus. God start-eininga på Nordfjordeid tilbyr einerom til mor og barn.

– Det var ganske travelt og mykje folk i Førde, så det var godt å kome hit til Nordfjordeid. Sjølv om det var fint i Førde òg så merkar vi at dei har meir tid til oss her, seier Sætren.

Med dobbeltseng på rommet kan også far Børge Yndestad ta natta på sjukehuset om han føretrekker det.

Jordmor Merete Melheim

TRYGT: For mange kvinner betyr det mykje å vere så nær heimen som mogleg i barselstida. På fødeavdelinga til jordmor Merete Melheim ved Nordfjord sjukehus kan dei vere så lenge dei føler dei treng det.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Det var ekstra godt å kunne vere her med dei og sleppe å reise inn og ut. Det er eit ganske stort rom, så vi har trivast veldig godt her, seier han.

Seksjonsleiar og jordmor Merete Melheim ved God start-eininga på Nordfjordeid har hatt 161 innleggingar så langt i år, i tillegg har poliklinikken teke mot heile 837 konsultasjonar. Frå i år tilbyr også God start eininga ultralyd som ein del av tilbodet til dei gravide.

– Her kan kvinnnene vere så lenge dei kjenner at dei har eit behov, seier Melheim

Er det litt meir luksus å vere her enn på ei litt meir tettpakka fødeavdeling?

– Eg meiner ikkje dette er noko luksus, eg meiner dette er eit minimumskrav og tykkjer det er sørgeleg at kvinner elles i Norge ikkje har det same tilbodet som vi har å by våre kvinner, seier Melheim.

Få fødslar under transport

Nybakte foreldre

NYBAKTE FORELDRE: Malene Lunde Sætren og Børge Yndestad med den tre dagar gamle dottera Sanne.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

I Lærdal har 104 nybakte mødrer flytta ut av fødeavdelinga i Førde eller Voss og reist tilbake til Sogn og Lærdal. Kvinnene kjem frå heile distriktet fortel avdelingsjordmor Sigrid Lysne.

– Eg trur kvinnene føler seg godt tekne vare på i både svangerskap og fødselsomsorga. Eg føler vi har fått til ei rimeleg god ordning i Sogn og Fjordane, seier ho

God start-einingane er også vaktberedskap med jordmor for dei fødande i Sogn og Nordfjord. To gongar i år har dei i Lærdal brukt naudfødestova fordi mor ikkje rakk å kome seg vidare, ein gong har det vore transportfødsel. Tilsvarande har dei i Nordfjord fire gonger i år hatt hastefødslar ved naudfødestova på sjukehuset og i tillegg har det i år vore fem transportfødslar der dei fødande ikkje rakk fram til Volda eller Førde i tide.

Tala er lågare enn venta, men det betyr ikkje at problema med lang reiseavstand er overdrivne, meiner Melheim.

– Mange kvinner synst det er langt å reise til fødeavdeling. Men ved at vi har følgeteneste, er det med på å gjere den uroa litt mindre, seier ho.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.