Hopp til innhold

Fødestove kan bli skrinlagd

Dersom ingen vil arbeide ved den planlagde fødestova på Nordfjordeid, kan regjeringa kome til å kutte alt fødetilbod i Eid.

Nordfjord sjukehus

PRESTISJE: Tord Dale seier regjeringa ikkje har prestisje i å ha ei fødestove på Nordfjordeid.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Regjeringa har vedteke å erstatte dagens fødeavdeling ved Nordfjord sjukehus med ei jordmorstyrt fødestove .

Dersom det ikkje er lokal vilje til å jobbe ved fødestova, vil ikkje regjeringa presse tilbodet igjennom for ein kvar pris. Noko som igjen betyr at fødetilbodet forsvinn heilt.

- Ei jordmorstyrt fødestove krev også at det er folk som vil jobbe der. Er det ingen som vil jobbe der, så får ein det heller ikkje til, seier statssekretær i helse- og omsorgsdepartementet, Tord Dale.

Ingen tvang

Tord Dale, politisk rådgjevar i Barne- og likestillingsdepartementet

STATSSEKRETÆR: Tord Dale (Ap).

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

Blir omlegginga gjennomført, vil ein berre kunne gjennomføre ein tredel av dagens fødslar. Resten av dei fødande vil bli sende til sjukehuset i Volda.

Planen er at fødestova skal starte opp hausten 2012.

- Alt helsetilbod, anten det er legesenter, jordmorstyrt fødestove eller det er andre helsetenester, krev at det er tilsette. Har ein ikkje det, så kan ein ikkje tvinge nokon til å arbeide nokon stad, seier Dale.

Vil ikkje jobbe der

Overjordmor Linda Grotle Hauge er mellom fleire tilsette på fødeavdelinga som meiner det ikkje er fagleg forsvarleg med ei fødestove utan gynekolog.

Linda Grotle Hauge

NEI: Overjordmor Linda Grotle Hauge.

Foto: NRK

- Eg har så klart sagt i frå at fødestove ser eg på som så dårleg. Mitt faglege samvit seier at eg ikkje kan jobbe på ei jordmorstyrt fødestove, mange mil frå næraste sjukehus, seier ho.

Forstår misnøye

Dale seier regjeringa ikkje har noko prestisje om å presse igjennom ei fødestove i Nordfjord.

- Eg forstår at dei no er misnøgde med at dei no misser ei fødeavdeling. Samla sett meiner eg det å byggje ei sterk fødeavdeling i Volda gir eit godt tilbod til dei fødande i regionen, seier han og vonar ein no kan bruke tida framover mot eventuell omlegging på å tenkje på kva tilbod ein kan ha der i åra framover.