NRK Meny
Normal

Fødeavdelinga vert julestengt

Styret i Helse Førde står fast på at fødeavdelinga ved Nordfjord sjukehus skal vere stengt i jule- og nyttårshelga.

Styret står også fast på at stenginga fullt ut er fagleg forsvarleg, men innser at det kan vere ubehageleg for fødande som får lenger veg til sjukehus.

- Ingenting å spare

Styret gjekk ikkje inn på påstanden frå Nordfjordrådet om at stenginga vil føre til auka utgifter, men bad om å få dei faktiske tala på bordet i eit seinare møte.

Dei las berre brevet frå Nordfjordrådet der det blir påstått at ein ikkje sparar pengar på stenging, snarare tvert imot. Rådet påstår også at det kan bli 24 fødslar i det aktuelle tidsrommet, og ikkje 14 som Helse Førde har rekna med.

- Skremmande

Adminsitrasjonen gjekk ikkje inn i realiteten i tala, avdi alle var samde om at det ut frå blant anna varslingsfristar for turnusplanane var for seint å endre tidlegare vedtak. 

Ordførar i Eid, Sonja Edvardsen, kjøper ikkje argumentasjonen.

- Eg synest måten dette er gjort på er skremmande.

GILGAMESH - Kongen som nekta å døy
"Parkslirekne er ein plagsam vekst".
Detaljane skal finpussast