Hopp til innhold

Fødande kan få jordmorfølgje

Fødande kvinner i Nordfjord kan få jordmorfølgje til sjukehus i den tida fødeavdelinga på Nordfjordeid er stengd i jule- og nyttårshelga.

Frå fødeavdelinga på Nordfjord sjukehus (arkivbilete)
Foto: NRK

Administrerande direktør i Helse Førde, Jon Bolstad.
Foto: Cosmin Cosma / NRK

- Føresetnaden er at kommunane betaler, seier administrerande direktør i Helse Førde, Jon Bolstad.

- Dei har jo sagt at dei ønskjer å bidra økonomisk for å halde fødeavdelinga open. Og då tenkte eg at vi heller kan bruke litt av dei pengane til å betale ein beredskap for kommunane, forklarar Bolstad.

Silden positiv til forslaget

For kommunane har nedprioritert jordmortenesta avdi dei har fødeavdelinga på Nordfjordeid så nær. Difor har dei ikkje jordmødre som kan stille opp og følgje dei fødande til sjukehus i Førde eller Volda.

Roger B. Silden, leiar i Nordfjordrådet, seier utspelet er positivt, men legg til.

- Når Helse Førde har jordmødre som kan stille opp og hjelpe kommunane, så reknar eg med at dei same personane også kan syte for at fødeavdelinga ved sjukehuset vert halden open.

- Tapar pengar på stenging

Silden vil heller ikkje bruke av dei 200.000 kronene som kommunane har lova å stille opp med. Nordfjordrådet har nemleg rekna på konsekvensane av stenging, og funne at Helse Førde tapar pengar i staden for å spare pengar.

Bolstad har sett reknestykket, men kjøper det ikkje utan vidare.

- Nei, det er jo litt skilnad på telefonvakt og drive ei avdeling med jordmødre, gynekolog og barnepleiarar der det er pasientar som krev oppfølging.  

Håpar styret omgjer vedtaket

Saka blir truleg tema på styremøtet i Helse Førde seinare i dag.

- Det er rett og slett så gale at eg håpar styret i Helse Førde ser konsekvensane og omgjer vedtaket, seier Silden.

- Rir prinsipp

Trude Brosvik, leiar i Kristeleg Folkeparti i Sogn og Fjordane, meiner Helse Førde kjem med eit godt tilbod til dei fødande i Nordfjord når dei tilbyr jordmorfølgje.

- Når vedtaket om å stenge i jule- og nyttårshelga er gjort, er dette ei god løysing for kvinnene. Kommunane rir prinsipp når dei takkar nei, meiner Brosvik.