Hopp til innhold

Flytting kan berge grendeskulen på Bryggja

Seier kommunalminister Jan Tore Sanner (H) ja til at Bryggja frå skifte kommune, kan det betyr at bygda får behalde skulen sin. Det er i alle fall målet til Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V).

Bryggja skule

KAN VERE BERGA: Eid og Selje kommunar ønskjer å oppretthalde Bryggja skule når bygda mest truleg vert ein del av den nye Stad kommune.

Foto: Vågsøy kommune

Fredag vart det kjent at fylkesmannen tilrår at Brygga-området får flytte til den nye Stad kommune frå 1. januar 2020. Tilrådinga kjem etter at bygdefolket har søkt om å få byte kommune frå Vågsøy til den nye kommunen når Eid og Selje slår seg saman.

No set bygdefolket si lit til at kommunalminister Jan Tore Sanner vil velsigne tilrådinga frå fylkesmannen, og dermed også berge grendeskulen. Førre veke vedtok Vågsøy kommunestyre å leggje ned skulen til neste haust for å spare pengar. Halvanna år før ei eventuell grensejustering.

– Vi må klare å finne ei løysing

I Eid og Selje er det alt semje om når den nye kommunen er ein realitet, så skal strukturen på det kommunale tilbodet vere det same som i dag. Det betyr i så fall at det også er semje om at det skal vere skule på Bryggja.

Alfred Bjørlo

VIL BEHALDE SKULEN: Ordførar Alfred Bjørlo (V) i Eid.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Det første vi må gjere no er å gå i ein rask dialog med Vågsøy for å høyre kva for løysing vi kan få til i lag i denne mellomperioden. Fram til 2020 er det Vågsløy kommune som har det avgjerande ordet om kva som skal skje med Bryggja skule.

– Er de villige til å betale Vågsløy for å oppretthalde skulen fram til de eventuelt tek over skulen?

– Vi har ikkje ekstra pengar på budsjetta våre. Vi slit som alle andre kommunar med å få endane til å møtest. Vi har ikkje ekstra frie midlar, men spørsmålet er om vi kan finne løysingar som gjer at alle kommunane kjem greit ut økonomisk.

– Feil å leggje ned

Også kommunestyremedlem i Eid, Sigurd Reksnes (Sp) meiner det må vere råd å oppretthalde drifta av grendeskulen. Han peikar mellom anna på at finansieringssystemet i dag er slik at pengane følgjer elevane.

Sigurd Reksnes

VIL FORHANDLE: Sp-politikar Sigurd Reksnes i Eid.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

– Det vert feil å leggje ned den skulen no. Den må oppretthaldast på lik linje med alle dei andre skulane i Eid og Selje til ein ny kommune er oppe og går. Då kan politikarane i det nye kommunestyret sjå heilskapen i det kommunale tilbodet.

– Treng pengar

Kristin Maurstad (Ap), ordførar i Vågsøy, seier den økonomiske situasjonen er vanskeleg og at dei ikkje har pengar til å drive skulen lenger enn det kommunestyret har vedteke.

Kristin Maurstad

TRENG PENGAR: Vågsøy-ordførar Kristin Maurstad (Ap).

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Vi ønskjer å snakke med Eid og Selje om korleis vi skal få til gode, praktiske løysingar. Det skulle berre mangle. Om skulen vert oppretthalden kjem an på utfallet av samtalane. Vågsøy kommune har ikkje økonomi til å halde fram drifta av skulen til 2020.