Flytting berga ikkje grendeskulen likevel

Bryggjaværingane håpa flytting til Stad kommune kunne berge grendeskulen. Tysdag fekk grensejusteringa tommelen opp. Fredag kom bryggjaværingane ned att på jorda.

Bryggja skule

LIKEVEL NEDLAGT: Bryggja skule går mot nedlegging sjølv om grenda får flytte frå Vågsøy til nye Stad kommune.

Foto: Vågsøy kommune

I det vidare arbeidet med grensejusteringa for Bryggja, legg rådmennene i Selje, Eid og Vågsøy til grunn sistnemnde kommune sitt vedtak om å leggje ned Bryggja skule.

– Eg må seie at eg er skuffa, men vi har ikkje tenkt å gi oss, seier leiar Øystein Hessevik i Bryggja utviklingslag.

Nedlegging til grunn

Øystein Hessevik

BØR FRYSE: Leiar Øystein Hessevik i Bryggja Utviklingslag meiner nedlegginga av Bryggja skule bør frysast til nye Stad kommune er komen opp å gå.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Ordførarar og rådmenn i dei tre kommunane var i dag samla i Måløy for å bli samde om den vidare prosessen for å justere grensene for Bryggja inn i nye Stad kommune.

Rådmennene skal ut på nyåret vere ferdige med ein samla prosessplan.

– Når det gjeld skule, tek ein utgangspunkt i at Vågsøy kommune har gjort vedtak om nedlegging av Bryggja skule frå hausten 2018, skriv dei i ei pressemelding.

– Kommunane er innstilte på at foreldra alt for skuleåret 2018/19 kan søkje om opptak anten på Skavøypoll skule eller på Stårheim skule. Dette for at elevar skal sleppe å skifte skule fleire gonger som konsekvens av grensejusteringa, skriv dei i ei pressemelding.

Elevar kan velje

Kommunane er også innstilte på at elevar som går ut frå Bryggja skule våren 2019, kan søke om opptak anten på Vågsøy ungdomsskole eller Eid ungdomsskule.

– Vågsøy kommune vil tilby alle som har starta på Vågsøy ungdomsskule pr. 1.1.2020 å fullføre løpet her. Siste elev går i tilfelle ut våren 2022. Vågsøy ber kostnadene ved dette, skriv dei vidare.

Nye stad kommune tek 1. januar 2020 over ansvaret og organiseringa av grunnskuleopplæringa for elevane på Bryggja.

– Bør fryse nedlegginga

For bryggjaværingane er den siste utviklinga dårleg nytt. Dei hadde håpa at ei grensejustering og flytting til Stad kommune kunne berge grendeskulen .

– Eg var budd på at dette kunne skje, men det var fleire som ytra at skulen kunne bli berga om ein kom med i Stad kommune, seier Hessevik og meiner skulenedlegginga bør frysast til den nye kommune er komen opp å gå.

– Skulen er ei så pass viktig sak for ei bygd. Då blir det ulogisk å la andre, som i framtida ikkje skal ha noko med oss å gjere, avgjere den. Det bør vere den nye kommunen som tek stilling til dette, avsluttar han.