Hopp til innhold

Flyttar skiproduksjon frå Kina til Sverige

Å flytte produksjonar til Asia for å gjere det billigare er blitt heilt vanleg. Men no gjer SGN Skis det motsette.

SGN-ski - Hurrungane

TIL SVERIGE: På sikt skal kring halvparten av skitypane til SGN Skis produserast i Sverige i staden for Kina. Prisnivået i Asia har stige og difor er Sverige no billigare.

Foto: Hans Kristian Krogh Hanssen

Skiprodusenten med base i Sogndal har sidan oppstarten fått produsert alle skia sine på ein fabrikk i Kina. Men no skal nokre av skitypane lagast av svenskar.

– Der får vi meir fleksibilitet på produksjonen. Det blir lettare med supplering og prototypeutvikling. Dessutan er det hakket lågare kostnader. Sjølve skia betalar vi nesten like mykje for, men transportkostnadene blir lågare og tollhandteringa blir lettare, seier dagleg leiar i SGN Skis, Ola Alsterholm.

Sparar eitt par hundre per skipar

Selskapet produserte i fjor rundt 500 ski. På noverande tidspunkt er produksjonen av to av skitypane flytta til Sverige, men på sikt er det planlagt at halvparten av skia skal produserast i Norden.

Dagleg leiar i Sogndal Skisenter, Ola Alsterholm
Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Det blir eitt par hundre kroner per skipar vi sparar, så det blir nokre prosentar, seier Alsterholm.

Sidan oppstarten har dei nytta seg av den same fabrikken i Kina, men Alsterholm seier privsnivået har gått veldig mykje opp i Asia samanlikna med nokre år tilbake. Likevel var det ikkje den einaste grunnen til at dei valde Kina, slår han fast.

– I vårt tilfelle var ikkje prisen det viktigaste. Dette var ein fabrikk som vi fekk anbefalt. Den konkurrerte med fleire fabrikkar i Europa, så det var ein heilskap av pris, kvalitet og samarbeid som gjorde at vi fall på dette valet.

Karbonski i Sverige

Men no ser dei at dei kan spare mykje på å flytte kring halvparten av produksjonen tilbake til Norden. Planen er at karbonskia skal produserast i Sverige, medan glasfiberskia framleis skal lagast i Kina.

– På dei som er av glasfiber så har dei ekstremt høg kvalitet og vi er veldig nøgde med korleis dei fungerer, seier Alsterholm.

Først til neste år kjem dei første skia som blir produsert i Sverige. Fabrikken har lang erfaring med å lage ski og produserer for fleire merke.

– Dei har sitt eige merke, Extrem, som dei har produsert i over 30 år, så fabrikken har vore der ei stund. Dei produserer også fleire andre merke, mellom anna Åsnes og Stereo av dei norske merka. I tillegg har dei tre andre merke, mellom anna sitt eige.