Flyttar kommuneskilt

Etter påske vert kommuneskilta i Hornindal flytta, skriv Fjordingen. Frå 1. januar i år vart ein del av Hornindal justert over til Stryn kommune, men grunna snø og tele har ikkje skilta blitt endra tidlegare i vinter. Det er snakk om å flytte skiltet om lag 1,2 kilometer.