I løypenettet på Tua er det nok snø til avvikle meisterskapen, seier løypesjef Magne Hjelle:
- Tilhøva på Tua er ganske gode, så vi kan love gode forhold både laurdag og søndag, seier han.
Ein god såle
Den snøfattige vinteren har gjort det vanskeleg å være skiutøvarar og arrangørar i mange delar av fylket. Krinsmeisterskapen i sprintlangrenn var terminfesta til Bjørkelia i Jølster komande laurdag og KM i klassisk langrenn til Langeland i Gaular på søndag. På Eid blir det ikkje avlysing, lovar løypesjefen.
- Vi har ein god såle. Det er ikkje meir enn tre veker sidan vi sjølv hadde på Tua, og då har vi eit godt grunnlag for å lage eit nytt renn, seier han.
Full kontroll på Ullsheim
Terminlista til skikrinsen er tettpakka av ski-aktivitetar framover, fleire av dei kan berre bergast av snarleg snøfall. Markane Idrettslag er vertskap for den norske heimeverande eliten med norgescup-renn første helga i februar, og som på Tua er alt under kontroll i løypene på Ullsheim, seier rennleiar Jørn Svingeset.
- På Ullsheim er det 25-30 centimeter med snø, i tillegg har vi produsert 1000 kubikk med kunstsnø, seier han.