Kampen mellom Brann og Sogndal blir flytta grunna direktesending

Lokalderbyet mellom Brann og Sogndal blir flytta fordi kampen skal gå på tv.

Scoring for Sogndal

FLYTTAR KAMP: Sogndal møter Brann 10. juni staden for 13. juni.

Foto: Simon Solheim / NRK

Eliteserie-kampen i fotball skulle etter planen bli spelt 2. pinsedag, 13. juni, men på grunn av at kampen skal gå direkte på tv-kanalen Max skal den i staden gå som fredagskamp.

Nytt tidspunkt for slaget om Vestlandet blir fredag 10. juni klokka 19.00.

Over 3000 asylsøkjarar har forsvunne siste året.
  
Heile villreinstammen på Nordfjella, nær 2000 dyr, bør utryddast snarast råd. Det meiner forskarar etter at det i fjor blei påvist skrantesjuke. 
I dag møttes forskarar, politikararar og forvaltninga, for å diskutere den vidare kampen mot smitta.
Mange hoppbakkar i Norge ligg som attgrodde monument frå ei gløymd stordomstid. Og utan hoppbakkar forsvinn også skihopparane. Men på Hafslo i Sogn og Fjordane held brødrene Lomheim hoppsporten i live med hundrevis av dugnadstimar, i håp om ein gong å sjå nye rekruttar sleppa seg frå bommen.