Hopp til innhold

Flyttar frå Sogndal etter rasisme

Innvandrarar og asylsøkjarar ønskjer seg vekk frå Sogndal på grunn av rasisme.

Arkivfoto frå Sogndal
Foto: NRK

Halvanna år etter drapet på Hedda Karterudseter opplever fleirkulturelle framleis hetsing og sjikanering i sognebygda.

Dei tre asylsøkjarane, Davin Iratunga, Cecilie Gahonga og Melyssa Keza-Kimana frå Burundi har flytta frå Sogndal til Sandane. Samstundes er det også stadig fleire som reiser til andre stader.

Kasta stein på

- Det hende at folk kasta stein på oss når me gjekk på gata. Når me gjekk på butikken såg dei på oss som tjuvar. Dei diskriminerer oss fordi me er annleis, seier 19 år gamle Davin Iratunga.

Steinkasting og mistenkleggjering har skapt frykt blant innvandrarane og asylsøkjarane i Sogndal. Cecilie Gahonga fortel at dei fleirkulturelle er redde for å gå ut om kvelden.

- Vi må vere forsiktige med å vere ute i gatene, seier ho.

Problem også tidlegare

I oktober i 2004 tok norsk-somaliaren Hassan Samrye Hashin livet av den 19 år gamle Hedda Karterudseter som var elev ved Sogndal folkehøgskule. Hashin blei dømd til 15 år i fengsel for valdtekt og drap. I tida etter drapet breidde det seg eit sinne mot asylsøkjarar og innvandtarar i Sogndal, fortalde leiar ved Sogndal statlege mottak, Hanne Lund Solbakken, tre månader etter drapet.

Oppgitt

Davin Iratunga er oppgitt over at mange i Sogndal har stempa alle fleirkulturelle i Sogndal som brotsmenn.

- Sjølv om ein asylsøkjar har drepe ei norsk kvinne er ikkje alle asylsøkjarar drapsmenn av den grunn. Me blir sett på som kriminelle, og det har fått oss til å kjenne oss skuldige for noko me ikkje har gjort, seier Iratunga. 19-åringen fortel at Sogndal har fått eit dårleg rykte blant innvandarane.

- Trist

Kommunalsjef i Sogndal kommune, Inger Pedersen, synest det er synd at innvandrarar og asylsøkjarar har opplevd ubehaglege ting.

- Dette har vi ikkje visst om, og sjølvsagt er det veldig trist, seier ho.

Sogndal kommune lovar no å ta tak i saka.

- Vi må fyrst gå ut å høyre om det er mange som har opplevd dei same problema. Vi prøver dessutan å følgje opp dette på skulane, der mange flyktningeborn går. Elles har vi i ferd med å etablere eit introduskjonssenter, seier Pedersen.