Hopp til innhold

Flyttar elveleiet i Utvik

Om eit par veker byrjar gravemaskinene å grava nytt elveleie til Storelva i Utvik. Endringa vil gjera elveleiet rettare, og dermed unngå ein krapp sving som vart katastrofalt under flaumen i juli.

Utvik sentrum frå Helikopter flaum

BLIR NYTT ELVELEIE: Storeelva skal få nytt elveløp. I framtida kjem elva til å renna i ei rettare linje. Det blir gjennom der ballbingen er, rett til venstre for dei trea som står midt i vassmassane på dette biletet.

Foto: Alf Vidar Snæland

– No blir det mindre skarpe svingar i vassdraget og dermed lettare å ha kontroll på vatnet. Me lagar også til ekstra sikring utanfor sjølve elveleiet, i tilfelle vatnet i ein ekstremsituasjon fløymer over breiddene, seier Brigt Samdal, regionsjef i Noregs vassdrag- og energidirektorat (NVE).

Storelva i Utvik

– Ikkje så langt, men viktig

Flaumen i Utvik den 24. juli gjorde skadar for over 100 millionar kroner . Straum, drikkevatn og bruer bukka under for vassmassane, og bygda var utan vegsamband. I ein krapp sving nesten nede ved fjorden gjekk Storelva over breidda si, og hus, garasjar og uthus vart raserte. No blir det gjort grep for at konsekvensane ikkje skal bli like store, dersom det skulle bli ein like stor flaum seinare:

Brigt Samdal - Regionsjef Vest NVE

ENDRAR ELVELEIET: Brigt Samdal, regionsjef i NVE.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Elva skal ikkje lenger gå i sitt naturlege løp, men endrast slik at det blir ei rettare strekke ned mot fjorden.

– Det er ikkje snakk om så mange hundre meter, men det er viktig for å ha kontroll på vassmassane ned mot brua, seier Samdal.

Hasteløysing og langsiktig løysing

NVE, Stryn kommune og grunneigarane har den siste veka diskutert ulike løysingar i saka, og no står det att å få signaturane til alle grunneigarane før arbeidet kan byrja. Samdal reknar med at gravemaskinene rullar ut i elveleiet i løpet av eit par veker.

I første omgang skal det gjerast umiddelbare tiltak for å hindra store skadar i samband med ein eventuell hauststorm. Samstundes som gravemaskinene sikrar elva, skal hovudprosjektet, det å endra elveleiet permanent, prosjekterast og etter kvart ut på anbod.

– Me har dårleg tid, og ser på kva me er nøydde til å gjera før hauststormane og haustflaumane kjem.

Flaumskadar foran huset til Per Inge Verlo i Utvik

UTVIK SENTRUM: Slik såg det ut i Utvik sentrum etter at elva herja.

Foto: Silje Guddal / NRK

Fleire tiltak

Lenger oppe i elva skal det sprengast ut basseng for å stoppa og henta ut lausmassar, og basseng for å senka farten til vatnet før det renn vidare nedover. Totalt sett vil det kosta fleire titals millionar kroner.

– Det er litt tidleg å setja to strekar under prislappen endå. Det som er viktig er at me set saman fleire ulike ting som totalt blir eit optimalt sikringstiltak, seier Samdal.