Hopp til innhold

Flytta møte for å vere med på skuleavslutning – kosta 60.000 kroner

Politikarane frå Hordaland måtte rekke skuleavslutningar. Dermed fekk dei flytta eit møte i fellesnemnda frå Sogn til Bergen. Flyttinga kostar det nye fylket 60.000 kroner, og ein Sogn og Fjordane-politikar gjekk sjølv glipp av ei skuleavslutning.

Anne Gine Hestetun, Rune Haugsdal

ANGRAR IKKJE: Leiar for fellesnemnda i nye Vestland fylke, Anne Gine Hestetun (Ap), til venstre. Flyttinga av møtet frå Sogn til Bergen kostar 60.000 kroner, og gjorde det enklare for henne sjølv og to andre å delta i skuleavslutning med borna i Bergen.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

– Å bruke 60.000 kroner på å avlyse eit møte som har vore planlagt i lang tid fordi det passar dårleg for fylkesordføraren i Hordaland og nokre andre, er fullstendig uakseptabelt, seier Sigurd Reksnes, gruppeleiar for Senterpartiet i Sogn og Fjordane.

Møtet i fellesnemnda for nye Vestland skulle opphavleg haldast i den vesle sognebygda Balestrand i dag. Men då det viste seg at tre av politikarane frå Hordaland mellom anna ikkje ville rekke å vere med på skuleavslutning, bestemte Hestetun seg for å flytte møtet til Bergen.

Prosjektrådmannen for nye Vestland fylke opplyste under møtet i dag at flyttinga vil koste fylkeskommunen 60.000 kroner.

– Det er heilt sprøtt å kaste vekk pengar på denne måten for at nokre få skal få delta i ei skuleavslutning. Eg har nesten ikkje ord, seier Reksnes.

Sigurd Reksnes

OPPRØRT: Det er sprøtt å bruke 60.000 kroner på at tre personar skal få delta i ei skuleavslutning, seier Sigurd Reksnes, gruppeleiar for Senterpartiet i Sogn og Fjordane.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Fordi møtet vart flytta til Bergen, måtte Reksnes sjølv droppe ei skuleavslutning med sitt barn.

Forsvarer flyttinga

Anne Gine Hestetun forsvarer flyttinga av møtet.

– Det var ein veldig tett kalender for sentrale representantar frå Hordaland. Då var det mi plikt som leiar av fellesnemnda å skjere igjennom, slik at vi fekk eit konstruktivt møte i Bergen dag, seier ho.

– Men er det rett å bruke 60.000 kroner på at nokre av fylkespolitikarane skal få delta i ei skuleavslutning?

– Eg kjem alltid til å kjempe for at ungane våre er det viktigaste vi har. Tida i politikken gjer at vi gjev mykje avkall på tid med ungane. Foreldre må få vere med ungane sine på skuleavslutning, seier ho.

Hestetun vedgår at ho sjølv har ei dotter som hadde skuleavslutning i går kveld, men hevdar at ho sjølv ville ha kome seg tidsnok til Balestrand.

To andre i fellesnemnda hadde opplyst at dei hadde vanskar med å kome på møtet fordi det kolliderte med skuleavslutninga for borna deira no i kveld.

Hestetun påpeikar at ho ikkje visste noko om at flyttinga av møtet førte til at Reksnes måtte droppe skuleavslutning med sitt barn.

Vart åtvara av kollegaen i Sogn og Fjordane

Fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling (Sp), opplyser at ho ringde Hestetun og informerte om at det ville koste 60.000 kroner å flytte møtet.

– Hadde eg hatt ansvaret, ville eg ikkje ha flytta eit møte som kostar fylkeskommunen 60.000 kroner, seier Følling.

Jenny Følling

FORSTÅR IKKJE: Fylkesordførar Jenny Følling (Sp) i Sogn og Fjordane stiller seg uforståande til at kollegaen Anne Gine Hestetun (Ap) flytta møtet sidan det kostar fylkeskommunen store summar.

Foto: ODDMUND HAUGEN / NRK

Samtidig som fylkeskommunen brukar 60.000 på å flytte møtet i fellesnemnda, vedtok fellesnemnda i dag at det må kuttast totalt 400 millionar kroner fram til 2023 fordi nye Vestland har dårleg råd.