NRK Meny
Normal

Flytta inn på kvinneavdelinga

JØLSTER (NRK): Katrine Sele ville finne ut korleis livet er i eit asylmottak. I ein periode budde ho på Jølster mottak for å koma nærast mogleg. Resultatet har blitt til ei bok.

Katrine Sele

«JØLSTER HOTELL. HISTORIER FRÅ EIT ASYLMOTTAK»: Katrine Sele begynte arbeidet med boka i 2014 og i løpet av dei siste åra har ho intervjua flyktningar, jobba som frivillig og budd på mottaket.

Foto: Sigrid Sørumgård Botheim / NRK

– På eit tidspunkt tenkte eg at eg veit absolutt ingenting om dei som bur på mottaket, eg veit ingenting om livet her inne.

Forfattar Katrine Sele har hatt Jølster mottak som nabo i fleire år. Etter kvart vart ho nysgjerrig på menneska som kom til mottaket. Men det tok tid å bli kjent med dei nye naboane.

Katrine Sele og Milka Ahmed

FORFATTAR OG INTERVJUOBJEKT: «Den einaste eg møtte som aldri såg seg tilbake, var Milka.» Milka Ahmed er ein av dei ni portretterte i boka til Katrine Sele.

Foto: Sigrid Sørumgård Botheim / NRK

– I fellesareala var det stort sett berre menn. I starten trur eg ikkje heilt dei forstod kva eg ville. Kvinnene heldt seg mest for seg sjølv. I ein periode flytta eg opp i kvinneavdelinga for å koma litt nærare. Eg har òg arbeidd som frivillig i resepsjonen.

Jølster hotell

JØLSTER HOTELL: Før krigen var hotellet ein populær stad for utanlandske turistar. Dei siste åra har flyktningar vore plasserte her på ubestemt tid. I februar kom meldinga om at Jølster mottak skal leggjast ned.

Foto: Sigrid Sørumgård Botheim / NRK

Intenst stussleg

Katrine Sele fekk sjølv oppleva på nært hald korleis livet kjennest når det blir sett på vent.

– Noko av det som gjorde mest inntrykk på meg var å oppleva kor intenst stussleg det er inne i eit mottak, og kor keisamt livet her er. Det meste blir tømt for meining.

Folk bur ofte to og to på tronge rom, og må stable tinga sine langs veggane for å få plass. På desse små romma skal dei forsøke å fylle livet med meining medan dei ventar på svar om framtida.

– Du anar ikkje når du skal få svar. Du anar ikkje kva svaret blir. I ein slik situasjon blir du heilt makteslaus, du kan ikkje gjera noko med livet ditt. Eg har møtt mange unge menneske som hadde gode karrierar i heimlanda sine og var fulle av pågangsmot. Etter ei tid har dei nærast visna bort.

Eg synest Katrine er veldig flink og smart. Ho har brukt tida godt, for nå skal mottaket snart leggjast ned.

Milka Ahmed, ei av dei portretterte i boka
Katrine Sele på Jølster hotell

TRONGT: Katrine Sele viser fram eit ledig tomannsrom. Flyktningane må stable tinga sine tett i tett for å få plass på slike rom.

Foto: Anders Mildestveit / NRK

Bruker eigne erfaringar

I boka Jølster hotell følgjer vi ni flyktningar som har kome til Jølster. Dei fortel historiene med sine eigne stemmer.

Postliste på Jølster mottak

POSTLISTE: Eitt av høgdepunkta for flyktningane er å sjekke om dei har fått post. Som regel har dei ikkje det.

Foto: Anders Mildestveit / NRK

– Tidlegare har eg skrive som ein allvitande forteljar, der eg sjølv fortel andre sine historier. Men i denne boka vart det feil. Eg kunne ikkje fortelja desse sterke historiene på ein truverdig måte, eg veit ikkje nok om korleis liva deira har vore. Difor måtte eg kaste alt eg hadde skrive og starte på nytt. Da skreiv eg historiene slik dei sjølve fortalde.

Vassenden

JØLSTRAVATNET: Jølster mottak ligg i Vassenden ved Jølstravatnet.

Foto: Sigrid Sørumgård Botheim / NRK

Men Sele bruker òg seg sjølv og sine eigne opplevingar i boka. Ho fortel om ein omflakkande barndom, og om samlivsbrotet ho gjekk gjennom i løpet av skrivinga.

– Flyktningane sine historier er utruleg vanskelege for oss å forstå. Men eg prøver å leie lesarane gjennom kjensler som sakn og uvisse. Det er noko alle kjenner til fordi vi alle har følt på dette som menneske. Vår eiga smerte er ein inngang til å forstå andre si smerte.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast