Hopp til innhold

Flytta heim for å satse for fullt på langrenn

Jon Rolf Skamo Hope (19) flytta heim til Hyen for å konsentrere seg fullt og heilt om langrenn.

Jon Rolf Skamo Hope

VIL TIL VM: Jon Rolf Skamo Hope håpar å få ein siste VM-tur som juniorløpar. I år vil han bu både heime i Hyen og på Beitostølen for å klare målet.

Foto: Privat

– Eg var usikker på kva eg skulle gå vidare etter vidaregåande, så eg tok eitt friår der einaste driven er å trene og restituere. Med nesten ingen sponsorar, så er det mamma og pappa som gjer dette mogleg, seier Jon Rolf Skamo Hope.

Store VM-sjansar

19-åringen har auka noko på treningsmengda for å nå sesongens store mål; junior-VM i sveitsiske Goms i månadsskiftet januar/februar.

Det fekk han også betalt for under mønstringsrennet Natrudstilrennene på Sjusjøen i helga. Med andreplass på sprint og ti kilometer klassisk, og tredjeplass på duatlon, tok han eit stort steg mot VM-billett.

– Det viktigaste var å bli blant dei fire beste på alle løpa. Det klarte eg. Eg skal gå meg bra vekk på Beitostølen over nyttår om eg ikkje kjem med til VM, seier han.

Tok stafettgull

Skamo Hope gjekk andreetappe då Norge tok gull under junior-VM i vel 2.000 meters høgde i Park City førre sesong.

Meisterskapen denne sesongen går i kring 700 høgdemeter lågare.

– Eg fekk det veldig tungt i fjor i høgda, så eg har hatt det litt i bakhovudet. I år går VM i sognefjellshøgde, så eg har prøvd å vere litt meir i høgda for å kjenne korleis kroppen responderer. Eg trur eg skal vere klar for den høgda, seier han.

Vil ha individuelt gull

19-åringen gjekk inn til 78.-plass på seniorane si sesongopning på Beitostølen.

– Det kjennast bra ut, men eg merkar at eg har eit gir til. Det er ikkje superrått endå, men eg er i bra rute med tanke på ein formtopp i januar/februar, seier han.

– Kor høgt legg du lista i VM?

– Eg har veldig lyst på individuell medalje. Helst gull. Det er det eg har trena for i heile sommar og haust. Sjansane er der både på duatlon, sprint og stafett, men det er gjerne ti kilometer klassisk eg har størst sjanse.