Hopp til innhold

– Me følte oss veldig einige og klare for å flytte heim

LÆRDAL (NRK): Stadig færre unge flyttar heim frå dei store byane. Men for Mariell Øyre var det eit naturleg val å flytte frå London til Lærdal.

STOLT: Mariell Øyre står framfor butikken sin på Gamle Lærdalsøyri.

STOLT: Mariell Øyre framfor butikken på Gamle Lærdalsøyri.

Foto: Borghild Andersdotter Vevle / NRK

– Me ville heim. Me hadde eigentleg ikkje prata om det, me berre tok det opp og me følte oss veldig einige og klare for å flytte heim rett og slett, seier Mariell Øyre.

Etter fem år i London reiste ho og ektemannen heim til Lærdal. No opnar ho butikk og fotostudio.

– Ironisk nok flytta me heim for å ha mindre å drive med, og så enda me opp med å starte butikk. Men det er jo fantastisk, det hadde me jo aldri gjort viss ikkje me hadde flytta heim, seier Mariell Øyre.

Mariell Øyre står i hovudgata på Gamle Lærdalsøyri og snakkar med dei besøkande.

GAMLE LÆRDALSØYRI: Den nyopna butikken ligg i hovudgata.

Foto: Synne Ulltang / NRK

Sterk sentraliseringstrend

Stadig færre gjer som Mariell Øyre og flyttar tilbake til bygda. Tendensen er at unge som flyttar til byane for å studere eller finne seg arbeid, etablerer seg der, eller i området rundt.

Stefan Leknes, forsker, regionale framskrivinger

FORSKAR: Stefan Leknes forskar på flytting og busettingsmønster.

Foto: SSB

Ifølge forskar ved Statistisk sentralbyrå, Stefan Leknes, er det ei sterk sentraliseringstrend i Noreg.

– Enkelte flytter tilbake igjen, men generelt viser dei store tala at dei kreftene er ikkje sterke nok til å hindre urbaniseringstendensen, seier Stefan Leknes.

Denne tendensen har ifølge forskaren gått føre seg sidan starten av 1800-talet, og det er naturleg å tru at det kjem til å halde fram.

Fyller gamle lokale

I Lærdal prøver ein å motverke sentraliseringstrenden med nye verkemiddel. Kommunen er plukka ut av Design og arkitektur Norge (DOGA) til å vere ein del av «Levende lokale», eit prosjekt der ein med fokus på kunst, kultur og design prøver å skape nytt liv i tomme sentrumslokale.

– Vi skal utvikle ein stad som folk har lyst å reise til og bli verande i, og dei skal ha lyst til å skape ting herifrå. Då er det relasjonen mellom oss menneske som legg grunnlaget for om folk blir verande eller ikkje, meiner Tone Boska, prosjektleiar i Lærdal.

Dei har invitert lokalsamfunnet med på ulike aktivitetar, og jobbar med å sette den lokale identiteten inn i nye samanhengar. Slik vil dei både skape eit levande sentrum på Gamle Lærdalsøyri, og gjere staden attraktiv å etablere seg i.

Det er fullt av menneske inne i det vesle butikklokalet.

TRAVELT: På opningsdagen er det trongt om plassen i det vesle butikklokalet.

Foto: Synne Ulltang / NRK

Ei framtid i Lærdal

For Mariell Øyre har prosjektet vore ein utløysande faktor for at ho opna butikk.

Nærbilete av butikkvindauget med keramikk og te.

FREDAG: Butikken, med namn "Fredag", er òg fotostudio.

Foto: Borghild Andersdotter Vevle / NRK

No er både eigendesigna produkt og nøye utvalde varer som sjokolade, bøker og keramikk på plass i det rosa trehuset. Mariell Øyre ser for seg ei framtid i Lærdal, saman med ektemannen og si eitt år gamle dotter.

– Ein føler verkeleg på at det skjer noko no, og det er veldig fint, smiler Mariell Øyre.