NRK Meny
Normal

Navarsete ringte regjeringskollega: E16 vart flytta lenger vekk frå huset til Navarsete

Frp vil ha svar på om Liv Signe Navarsete prøvde å påverke eit vedtak som inneber at E16 blir flytta lenger vekk frå der ho bur i Lærdalsdalen.

Liv Signe Navarsete

KONTAKT REGJERINGSKOLLEGA: Liv Signe Navarsete ringde Bård Vegar Solhjell for å få europavegen gjennom Lærdal flytta lenger vekk eigedomen hennar.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Ei veke før regjeringsskiftet i oktober i fjor trassa miljøvernminister Bård Vegard Solhjell Statens vegvesen si tilråding og bestemte at deler av E16 gjennom Lærdalsdalen skal leggast i tunnel.

Dette gjorde Solhjell etter at mellom andre regjeringskollega Liv Signe Navarsete, som bur cirka 300 meter frå europavegen, tok direkte kontakt med han om saka.

Liv Signe Navarsete ringte Bård Vegar Solhjell for å få ham til å legge en europavei i tunnell i stedet for 300 meter fra huset hennes. I strid med vegvesenets og Samferdsels-departementets vilje gjorde Solhjell som Navarsete ba om. Tunnelen gir en ekstraregning på 400 millioner.

Flyttar vegen i tunnel

Etter årelang strid om kvar den åtte kilometer lange strekninga mellom Tønjum og Ljøsne i Lærdalsdalen skal gå, vedtok miljøvernminister Bård Vegard Solhjell ei veke før den raudgrøne regjeringa gjekk av å legge deler av vegen i tunnel.

400 millionar kroner dyrare

Dermed valde Solhjell ei løysing som blir om lag 400 millionar kroner dyrare. Dette er løysing som Statens vegvesen og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane var i mot og ei løysing som er samfunnsøkonomisk svært ulønsam. Lærdal kommunestyre på si side ville ha vegen i tunnel.

Bård Vegar Solhjell

DISKUTERTE SAKA: Bård Vegard Solhjell seier avgjersla kom på bakgrunn av anbefalingar han fekk og innhaldet i saka.

Foto: Nina Kristiin Vraa / NRK

Kritikk frå Frp

Solhjell vedgår at Navarsete tok direkte kontakt med han om saka

– Dersom Navarsete tok kontakt med Solhjell i denne saka, så er dette ein veldig uheldig saksgang. Dette vil kunne medføre spekulasjonar om det her har vore brukt kjennskap internt i regjeringa for å prøve å påverke resultatet i ei sak der Navarsete bur like ved, seier Harald Tom Nesvik, parlamentarisk leiar i Framstegspartiet.

–Viktig for bumiljøet

Bård Vegard Solhjell har følgjande grunngjeving for å velje ei løysing som blir over 400 millionar kroner dyrare.

– Dersom vegen ikkje blir lagt i tunnel vil det ramme eit viktig bumiljø med skuleveg. I tillegg sparer vi ganske viktige landbruks- og bærområde, seier Solhjell.

Avviser kritikk

Navarsete avviser at ho har gjort noko gale ved å kontakte den tidlegare regjeringskollegaen sin om saka.

– Eg er ikkje råka av vegen. Men om eg hadde stått på hardt for å få tunnelen, så hadde det vore heilt legalt. Eg er ikkje part i saka og er dermed ikkje ugild, seier Navarsete.

– Men det blir hevda at det kan vere trafikkstøy i tunet ditt og at du slik sett blir råka av kva løysing som blir valt. Kva kommentar har du til det?

– Det er klart at du høyrer ein veg som går mellom 300 og 400 meter unna, men eg har aldri i løpet av dei 14 åra eg har budd der, nokon gong følt at vegen har vore støyande, seier ho.

Krev ny behandling

Harald Tom Nesvik meiner Navarsete si aktive rolle i dette gjer at heile saka må behandlast på nytt.

– Dette er uakseptabelt og ein bør sjå på saka på nytt. Det er meir enn nok av andre prosjekt å bruke 400 millionar kroner på dersom det ikkje blir bygd tunnel, seier Nesvik.

Kritikarane får bensin på bålet

– Uformell kontakt med anna statsråd i saker som angår folk i heimfylket, er rutine og vanleg å gjere, seier politisk kommentator i NRK, Magnus Takvam.

Han legg til at det spesielle i denne saka er at Navarsete og familien bur så nær den omstridde traseen.

Magnus Takvam

IKKJE OVERRASKA: Politisk kommentator i NRK, Magnus Takvam, meiner det er vanleg at statsrådar kontaktar kvarandre om saker i eige heimfylke, men at Navarsete burde synt betre skjønn i den konkrete saka.

Foto: NRK

– Ho burde nok brukt betre skjønn, sidan det kan bli oppfatta som å jobbe for eigne interesser, seier Takvam, som ikkje er spesielt overraska over saka i seg sjølv.

Takvam trur ikkje saka får følgjer for Navarsete, sjølv om kritikarane får meir eld til bålet.

– Reaksjonane blir nok delte. Folk i heimbygda og fylket meiner gjerne det er ok, medan kritikarane opplagt vil utnytte saka politisk.

Professor kritisk

Frank Aarebrot, professor i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen, er langt meir kritisk til det Navarsete har gjort enn det Takvam er. Aarebrot karakteriserer Navarsete si innblading i saka som ein grov tabbe, og at det kan få politiske følgjer for henne.

–Hadde Navarsete gått i protesttog saman med andre innbyggarar frå Lærdal, hadde det vore greitt. Men å gjere dette i dei lukka rom saman med regjeringskollegaen er ikkje greitt, seier Aarebrot.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.