Hopp til innhold

Dronninga forseinka til Luster

Tekniske problem i Widerøe har ført til at dronning Sonja blir forseinka til besøket sitt i Luster.

Dronning Sonja

Dronninga besøkjer Luster i dag.

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX
Johannes Langlo Handeland

Johannes Langlo Handeland skal gi blomar til dronninga.

Foto: Simon Solheim/NRK
Marianne Engjom, Liv Torheim Øvrebø, Åshild N. Thune og Marit Bjørnethun

Desse damene gler seg til å få sjå dronninga.

Foto: Simon Solheim / NRK
Sjur Mehlum og Erling Gjelsvik

Sjur Mehlum frå Riksantikvaren og Erling Gjelsvik frå Jølster bilelag er på plass foran stavkyrkja.

Foto: Birger Meland / NRK

Ho skulle vore på plass i Luster klokka halv elleve, no blir programmet forseinka.

– Det er tekniske problem med flyet, og avgangen blir ein time og eit kvarter forseinka. No ser det ut til at flyet går 10.15, seier Tore Sønnesyn hos Fylkesmannen.

Når dronninga kjem til Walaker hotell blir ho møtt av mellom anna ordførar Torodd Urnes og 10 år gamle Johannes Handeland som skal gi ho blomar .

– Eg gler meg veldig, dette blir eit minne for livet. Det er litt kjedeleg å måtte vente så lenge, men det går bra, fortel han.

Planting av plommetre

Etter det går turen med båt til stavkyrkja der det skal vere gudsteneste. Ein time seinare skal ho plante eit plommetre på området. Det blir lunsj på låven der det blir talar av mellom anna riksantikvar Jørn Holme og miljø- og utviklingsminister Erik Solheim.

Har brukt 12 millionar

Riksantikvaren har brukt 12 millionar kroner på å restaurere kyrkja i Luster. Jølster bilelag har vore med på det omfattande restaureringsarbeidet . Altertavla er frå 1699 og vart restaurert på 60-talet. Den har nyleg blitt reinska for støv før nyopninga i dag.

Kulturskatt

Urnes stavkyrkje er bygd omlagt 1130 og ligg plasser under fjellfoten på Ornes. Kyrkja er eitt av få norske byggverkt som er med på UNESCO si liste over dei fremste kulturskattane i verda.

Altertavla i Urnes stavkyrkje

Altertavla i Urnes stavkyrkje er reinska for støv før nyopninga i dag.

Foto: Birger Meland / NRK