Flyplassvegen er stengd

Vegen til Sogndal lufthamn Haukåsen på Kaupanger er stengd. – Ein lastebil står fast og må bergast. Det er uvisst når vegen kan opne, opplyser vaktoperatør Jan Erikstad ved Vegsentralen i Lærdal. Det er ikkje omkøyring på staden. Oslo-flyet landar etter planen på lufthamna kl. 12.50, med returavgang til Oslo kl. 13.10. Per no er det ikkje mogleg å komme seg til og frå flyplassen med bil.