Flyplassane har mista kvar tiande passasjer

Tre av fire flyplassar i fylket har mista kvar tiande passasjer samanlikna med i fjor. Men Førde er toleleg nøgd med «berre» 2,5 prosent nedgang.

Flyplass-kollasj

FÆRRE FLYR: Tre av dei fire flyplassane har nedgang i passasjertala på over 10 prosent. Førde lufthamn Bringeland har 'berre' 2,5 prosent nedgang.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide/Ottar Starheim, Karl Kristian Langeland, Arve Uglum / NRK

Sogndal lufthamn Haukåsen hadde den største nedgangen, med 12,7 prosent færre passasjerar enn på same tid i fjor. Lufthamnsjef Svein Sanden skuldar på naturkreftene.

– Vinteren har fart stygt med oss, seier han.

Bringeland er unnataket

Lufthamnsjef Svein Sanden på kontoret

STØRST NEDGANG: Lufthamnsjef Svein Sanden hevdar naturkreftene har noko av skulda i at dei fraktar 12,7 prosent færre passasjerar.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Totalt hadde Sogndal lufthamn over 60 fleire kanselleringar dei fire første månadene i år, enn på same tid i fjor.

– Det er ein av grunnane til at vi ser svakare tal i år. Men det er ikkje til å stikke under stol, at det er færre som reiser frå Sogndal no, enn tilsvarande i fjor, seier Sanden.

Men det er ikkje berre i Sogndal at passasjertalet minkar. Tre av flyplassane har mista kvar tiande passasjer. Det syner Avinor sine eigne tal for flypassasjerar.

Sandane, Sogndal og Florø har alle ein nedgang på 10–13 prosent hittil i år, samanlikna med fjoråret. Førde derimot har ein nedgang på berre 2,5 prosent. Lufthamnsjef Kjell Otto Gjesdal er toleleg nøgd.

– Når vi ser det går ned på alle andre flyplassar, så er ikkje dette så gale, seier han.

Offshorekrisa kan vere årsaka

Lufthamnsjef Siv Merete Stadheim

FÆRRE HELIKOPTER: Lufthamnsjef Siv Merete Stadheim trur nedgangen kan skuldast problema i oljebransjen.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Årsaka til nedgangen kan vere problema i oljebransjen. Offshoretrafikken frå Florø har stupt 18 prosent. Lufthamnsjef Siv Merete Stadheim merkar det.

– I fjor var det tre helikopter som opererte frå Florø på denne tida. I år har vi hatt to frå nyttår og fram til no, seier ho.

Kva som er grunnen til at Førde har meir stabile tal enn dei andre, tykkjer ho det er vanskeleg å gje eit klårt svar på.

– At det er fleire offentlege verksemder som nyttar Førde, enn eksempelvis i Florø, kan vere ein av årsakene, seier ho.

Vil ikkje spekulere i framtida til flyplassane

Kjell Otto Gjesdal, lufthamnsjef - Førde lufhamn, Bringeland

VARIERT NÆRINGSLIV: Lufthamnsjef Kjell Otto Gjesdal trur det varierte næringslivet gjer at svingingane ikkje blir så store.

Foto: Avinor

Den forklaringa får støtte frå lufthamnsjefen i Førde.

– I Førde er det eit veldig variert næringsliv som nyttar flyplassen, så svingingane blir ikkje så veldig store, seier Gjesdal.

Det er stadig diskusjonar om kor mange flyplassar vi skal ha i dette fylket. Kva tenkjer du desse tala fortel om det?

– Nei, det vil eg ikkje tenkje noko om.

Flypassasjerar ved lufthamner i Sogn og Fjordane hittil i 2015

IATA

Lufthavn

Kommet/ reist innland

Transfer innland

Sum Innland

Endring sum Innland

Kommet/ reist Offshore

Endring sum Offshore

Terminal- passasjerer (inkl Infants og Offshore)

Endring Terminal Pax

Transitt

Total

Endring Total

FRO

FLORØ LUFTHAVN

65007

940

65947

-10.5%

22120

-18.0%

88067

-12.6%

2557

90624

-12.5%

FDE

FØRDE LUFTHAVN

39743

294

40037

-2.4%

0

0.0%

40037

-2.5%

1267

41304

-4.1%

SDN

SANDANE LUFTHAVN

16501

52

16553

-11.5%

0

0.0%

16553

-11.5%

3023

19576

-11.4%

SOG

SOGNDAL LUFTHAVN

26350

5276

31626

-12.7%

0

0.0%

31626

-12.7%

9673

41299

-12.4%

HOV

ØRSTA VOLDA LUFTHAVN

55971

400

56371

-6.1%

0

0.0%

56371

-6.1%

924

57295

-6.4%

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.