Hopp til innhold

Dei kan ikkje ta imot flyktningar på grunn av bustadmangel

Bustadmangel gjer at kommunar som til dømes Fjaler må seie nei til å ta imot flyktningar.

Fjaler, Dale, Arve Helle
Foto: NRK

– Per i dag har vi ingen ledige bustader å tilby flyktningar og den delen må vi få løyst før vi kan ta imot, det er ikkje viljen det står på, seier Arve Helle, ordførar i Fjaler.

Kommunen er ein av to i Sogn og Fjordane som har sagt nei til å ta i mot fleire flyktningar. Dei har nemleg ikkje nok bustadar.

Sogn og Fjordane-kommunane må busetje fleire flyktningar neste år.

Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi) ber kommunane i Sogn og Fjordane om å busetje 1060 flyktningar i perioden 2014-2016.

4400 ventar

4400 flyktningar som har fått opphaldstilatelse i Norge, ventar framleis på å flytte ut frå asylmottaket til ein bustad. Dette er 1700 fleire enn i fjor.

Bustadmangel er ein av hovuedårsakene til at at kommunane ikkje klarar å ta i mot flyktningane.

– Det er klart at eg føler at vi er forplikta til å ta imot og skulle gjerne sett at vi kunne ha teke imot litt vi og. Det håpar eg vi skal kunne klare på sikt, sier Helle.

Kofi Amankwah, assisterende regiondirektør i Integrerings- og mangfaldsdirektoratet, meiner at flyktningane ikkje får starta sitt nye liv.

Kofi Amankwah Integrerings- og mangfoldsdirektoratet

FLEIRE TUSEN VENTAR: Kofi Amankwah Integrerings- og mangfoldsdirektoratet.

– Dette får store konsekvensar for flyktningane som trur at dei ikkje får begynne på livet i Norge, seier han.

Takka ja til ein fjerdedel

Dei har bede kommunane å ta i mot heile 28.000 flyktningar dei neste tre åra. Førebels har kommunane berre takka ja til ein fjerdedel.

Amankwah meiner at dei må ta ansvar, sjølv om det er mange nye flyktningar som treng ein stad å bu.

– Når det har oppstått ein situasjon der behovet er høgt, så bør og kommunane vise sitt ansvar ved å ta tak og det trur eg vi skal få til, seier han.

Meir midlar

Husbanken vil no dekke opptil 40 prosent for å byggje og kjøpe utleigebustader til flyktningar i kommunane.

Helge Eide, direktør i KS seier likevel at dette ikkje er nok. For å busette fleire, må kommunane få fleire integerings og busetnadsmidlar frå staten.

– Det viktige er at vi må få opp busetnadstala ytterlegare gjennom enda betre verkemidlar, slik at vi får løyst dette. Vi kan ikkje leve med dette slik det er i dag, verken som person, stat eller som kommune.