Hopp til innhold

Flyktningar kan berge bygda

SELJE (NRK): Ein av tre norske kommunar blir tømde for folk. Flyktningane kan gi nytt liv i utkantane.

Kvardagsliv i Selje

Tor Øyvind Larsen tek si vakt som loddseljar for idrettslaget. Skal ein lukkast med å få folk til å bli må ein fikse integreringa meiner han.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Medan rekordmange mennesker ynskjer å busetje seg i Norge, strevar ein av tre norske kommunar med å halde oppe folketalet.

Ordførar i Selje, Stein Robert Osdal frå KrF, ser paradokset i at folketalet går ned i Selje, medan dei på den andre sida blir oppmoda om å ta imot fleire. Osdal meiner det hastar å snu folketalsutviklinga.

Stein Robert Osdal, ordførar i Selje

MÅ SNU TRENDEN: Stein Robert Osdal ser ikkje vekk frå at flyktningar kan gjere det lettare å få tak i arbeidskraft.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Det er alfa og omega. Klarer vi ikkje å snu trenden, vil det bli verre og verre. Her er mange moglegheiter for Selje sin del. Kanskje kan vi få naudsynte medarbeidarar innan helse, omsorg og industrien?

– Kommunane bør heve blikket

Forskar Marianne Solbakken ved det statlege Distriktssenteret rår lokalsamfunna til å jobbe aktivt.

Marianne Solbakken

- MÅ LUKKAST MED INTEGRERING: Seniorrådgjevar ved Distriktssenteret Marianne Solbakken.

Foto: Pressebilete / Distriktssenteret

– Ja, heilt klart. I dag nyttar kommunane kreftene på tilbakeflyttande barnefamiliar, men forsking viser at få flyttar heim på grunn av kommunane sitt tilflytttingsarbeid. Kanskje er tida moden for å heve blikket, og fokusere på dei som faktisk kjem hit.

Nedgang i folketalet på 15 prosent

I Selje kommune budde det 3201 personar i 1995, i dag er talet 2752.

I år har kommunen for fyrste gong på mange år tatt i mot flyktningar. 17 i år, 10 til neste år. Men på butikken er enkelte usikre på kor mange fleire det bør bli:

Om dei lærer seg språket og blir integererte er det veldig positivt å få fleire innbyggarar til Selje, seier Tor Øyvind Larsen som sjølv er innflyttar til kommunen.

Stine Hamre meiner ein må stille klare krav til dei som kjem:

– Det må skje på våre premissar. Hvis dei jobbar, lærer seg språket og følgjer dei reglane som vi har i vårt land.

Ein av tre norske kommunar har folketalsnedgang

Marianne Solbakken trur ein kan snu trenden om ein lukkast med integreringa.

– Kommunen som organisasjon greier ikkje dette åleine. Det må spelast på lag med innbyggarane, næringslivet og friviljuge organisasjonar. Korleis tek idrettslaget imot? Snakkar folk med nye naboar? Får dei jobb?

– Det blir for dumt

Marita Aarvik er leiar i Selje Frp. Når kommunen får spørsmål om å auke talet flyktningar, vil ho vere skeptisk.

Marita Aarvik

SKEPTISK: Marita Aarvik meiner at ein ikkje kan ta i mot flyktningar berre for å pynte på statistikken, ho meiner dei fleste uansett reiser til byane om nokon år.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Vi kan ikkje ta imot flyktningar berre fordi det følgjer pengar med. Det blir for dumt.

I Selje bur det i dag 63 ikkjevestlege innvandrarar. Samstundes bur der ingen norskfødde barn av ikkjevestlege innvandrarforeldre, det kan tyde på at få vel å etablere seg i kommunen. Aarvik viser til at mange flyktningar som fyrst blir busette på bygda, trekkjer inn mot byane.

– Der har dei andre frå sitt eige land, det virkar som dei trivst betre i større sentra.