Hopp til innhold

Han vil bu i Førde, men svært mange flyktningar flyttar til storbyar

Svært mange av flyktningane som buset seg i Sogn og Fjordane flyttar etter ei tid til Oslo. Det viser tal frå Statistisk Sentralbyrå.

Adam Zakaria Hussein

FLYTTAR, MEN VIL TILBAKE: Adam Zakaria Hussein reiser frå Førde for å utdanne seg, men vil tilbake etterpå.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

Berre vel halvparten (53 prosent) av flyktningane som kom til fylket i 2007 budde i den same kommunen fem år etterpå. Det gjer Sogn og Fjordane til det fylket som hadde dei minst bufaste flyktningane av alle fylka i denne perioden.

På dei neste plassane følgjer Troms (61 prosent bufaste) og Oppland (67 prosent bufaste).

I 2007 vart det busett 141 flyktningar i Sogn og Fjordane. Den 1. januar 2012 budde berre 75 av desse i den same kommunen. 13 prosent hadde flytta til Oslo, 29 prosent til andre fylke, medan fire prosent flytta til ein annan kommune i Sogn og Fjordane.

– Mange flyttar

Adam Zakaria Hussein, som er flyktning frå Sudan, trur årsaka er at det er større sjansar til å skape seg ei framtid i storbyane. Sjølv trivst han godt i Førde.

– Eg har budd nesten fem månader i Førde, eg går på norsksenteret, og så har eg jobba på ein restaurant.

Bente Blytt

– MANGE DREG TIL STORBYAR: Ass. dir. Bente Blytt.

Foto: privat

No ventar han på å kome inn på ein høgskule. Men han ser at mange flyktningar flytter frå fylket etter nokre år.

– Mange flyttar for å få seg utdanning eller god jobb.

Og dei dreg oftast til storbyane, seier Bente Blytt. Ho er assisterande direktør i Integrerings- og mangfaldsdirektoratet Region Vest.

– Det kan vere ulike årsaker til det. Dei unge, einslege flyttar ofte dit det er sjanse for jobb eller utdanning. Nokre flyttar dit dei kjenner andre personar dei vil bu i nærleiken av.

Dette er ein trend som vi ser i store delar av distrikts-Norge, og det er uheldig både for flyktningane og for kommunane, seier Blytt.

– Vi ser at flyktningane er ein ressurs for dei kommunane som får dei, det blir eit mangfald i dei ulike kommuane i Norge.

Svein Arne Skuggen Hoff

– EIN RESSURS: Fylkesdirektør Svein Arne Hoff.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Bør halde på flyktningane

Dersom kommunane ynskjer vekst i folketalet må dei jobbe for å halde på flyktningane, seier fylkesdirektør Svein Arne Hoff.

– Berre nokre få innbyggjarar ekstra kan bety mykje økonomisk og for å halde oppe tenester.

Folketalet i Sogn og Fjordane passerte 109.000 ved årsskiftet, mykje takka vere arbeidsinnvandring og flyktningar som har busett seg her. Hoff meiner flyktningane er ein viktig ressurs for kommunane, særleg der dei slit med nedgang i folketalet.

– Dersom kommunane er opptekne av å auke folketalet meiner eg dei må trø til der dei kan. Dei må ta eit ansvar for at det skjer noko.

– Må kjenne seg ynskte

Flora er den kommunen som har teke imot flest flyktningar i Sogn og Fjordane, og kommunen har greidd å halde på dei fleste av dei. Av 294 har berre 62 flytta frå kystkommunen.

Arild Melvær

– MÅ KJENNE SEG YNSKTE: Arild Melvær på Innvandringssenteret i Flora.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Dagleg leiar Arild Melvær på Innvandringssenteret i Flora trur det viktigaste er at kommunen faktisk vil ha flyktningane der.

– Dei må kjenne seg ynskte lokalbefolkningen. Det kan ikkje vere slik at flyktningane blir tvinga til å bu i ein kommune som eigentleg ikkje har lyst til å ta imot dei. Det er eit veldig dårleg utgangspunkt for eit varig forhold at den eine parten ikkje vil ha den andre.

Men det er essensielt at flyktningane har ein jobb å gå til og høve til god utdanning. På denne måten knyter dei band til kommunen, dei får verdigheit og respekt ved å greie seg sjølve, seier Melvær.

– Den beste måten å respektere vaksne folk på er å gi dei ansvar for sitt eige liv og formidle at lokalsamfunnet ventar at dei greier å ta var epå seg sjølv og sine familiemedlemmer.

Adam Zakaria Hussein kjem til å flytte frå Sogn og Fjordane for å ta høgare utdanning. Men han vil tilbake til Førde når han er ferdig.

– Eg er blitt kjend med folk, så eg treng ikkje flytte til andre stader.