Hopp til innhold

Flyktar frå barnevernet i Florø

Minst fire familiar frå arabiske land har flytta frå Florø fordi dei er redde for barnevernet i kommunen. Det hevdar leiaren for den arabiske foreininga i Flora, Mohammad Arafat, i Firdaposten. Arafat seier mange opplever at dei tilsette i barnevernet har eit dårleg bilete av folk frå arabiske land. Barnevernssjef Gry Ommedal i Flora seier dei tek signala på høgste alvor og har alt hatt møte med den arabiske foreininga i byen.