Hopp til innhold

Kom seg ut med naud og neppe då huset vart totalrasert av vinden

Medan vinden raserte huset hennar, greidde Berit Myren (66) utruleg nok å komme seg uskadd ut.

– Det finst ikkje ord for dette, seier Oddbjørg Tonning til NRK.no.

Ho er dotter av Berit Myren, som om kvelden første juledag måtte evakuere huset sitt i Lodalen i Stryn.

No er familien samla i tryggleik – men framleis prega av det som skjedde.

Vart evakuert i siste liten

For det vart ikkje akkurat julefred i stova denne kvelden. Det sette nemleg ekstremvêret Dagmar ein effektiv stoppar for:

– Mamma valde først å søkje tilflukt i kjellaren. Men då ho høyrde ein kraftig smell i stova, gjekk ho opp for å sjå. Då hadde vinden teke stoveglaset, fortel Tonning.

For mora er det tøft å prate om det som skjedde, sjølv dagar etterpå.

– Det var heilt forferdeleg. Eg hadde med meg nokre vekeblad som eg sat å las i for å få noko anna å tenkje på. Men då eg høyrde ruta gå, fann eg ut at eg ikkje kunne vere i huset lenger, fortel Berit Myren til NRK.no.

Kvinna kasta seg då over telefonen, og snart kom naboen med traktor og fekk berga ho bort frå staden. Då var løa allereie jamna med jorda.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video Berit fekk huset totalt rasert av "Dagmar"

RASERT: Då stormen rasa som verst måtte Berit Myren (66) flykte for livet. I dag var ho tilbake i det som før var eit hus, og det vart eit tøft gjensyn.

Hustaket vart kasta 500 meter

Familien i Lodalen vart svært så råka av ekstremvêret Dagmar som feia inn over Nordvestlandet første juledag.

Verst var herjingane frå Nordfjord og nordover langs Møre-kysten.

Først då det letta av dag, fekk familien sjå kor store skader uvêret faktisk hadde gjort.

– Taket på huset ligg 500 meter innanfor. Veggane er rivne ned. Til alt hell er det ikkje personskade, seier Tonning.

Vil aldri flytte heim att

Berit Myren er sikker på ein ting, ho skal aldri flytte heim att. Alt ho eig, og alle minna ho har samla gjennom eit langt liv er no spreidd for alle vindar.

– Kanskje fleire kilometer, seier ho og legg til:

– Det er ikkje noko kjekt å sjå heimen sin totalt rasert.

Sjølv om ho har fått den traumatiske opplevinga litt på avstand, vil ho aldri kjenne seg trygg der lenger.

– At eg skal opp der å bu? Nei, det kjem eg aldri til å gjere.

Fekk sjå barndomsheimen rasert

Etter at dei tysdag endeleg fekk telefonkontakt med omverda, har familien fått varsla alle kjende om at dei har det bra.

Men det er likevel ikkje berre-berre å sjå huset rasert.

– Det var tøft å komme på staden og sjå barndomsheimen sin rasert, seier Tonning.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.