NRK Meny
Normal

Flypassasjerane i Sogn går nye vintrar med kanselleringar i møte

Flyhangar skulle gi Sogndal lufthamn eit nattparkert fly som hindra innstilte avgangar. Men Avinor-rapport viser at hangaren vil kosta dobbelt så mykje som fyrst tenkt.

Widerøe-fly i luften

FLYHANGARPLANANE STOPPAR OPP: Prislappen på ein flyhangar ved Sogndal lufthamn Haukåsen, som kan husa Widerøe-flya om natta, kjem på 10 millionar kroner, viser Avinor-rapport.

Foto: Kyrre Lien / SCANPIX

– Eg er sjølvsagt litt skuffa over at flyhangaren er blitt betydeleg dyrare, seier ordførar Ivar Kvalen (Sp) i Luster.

Kvalen, som òg er leiar i Sogn regionråd si samferdslegruppe, likar dårleg rapporten frå Avinor som slår fast at ein flyhangar på Sogndal lufthamn Haukåsen vil kosta 10 millionar kroner. Det er dobbelt så dyrt som det kommunane og næringslivet i Sogn såg føre seg.

Ordførar i Sogndal Jarle Aarvoll

LEGG PLANANE PÅ IS: – Me held fram arbeidet med å styrkja flytilbodet, men eit nattstasjonert fly ligg litt fram i tid, seier ordførar Jarle Aarvoll (Ap) i Sogndal.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

– Kommunane må bidra meir

– Me er framleis med på eit spleiselag, men for oss blir det krevjande å dobla innsatsen vår, seier dagleg leiar Tom Dyrdal i Avery Dennison NTP. Verksemda i Gaupne lever av å trykkja merke på arbeids- og sportsklede i inn- og utland, som til Barcelona og andre fotballklubbar.

Bedriftene og kommunane i Sogn har mobilisert for å få ned talet på kansellerte fly på Haukåsen. Difor har dei sagt ja til å spleisa på ein hangar til 5 millionar kroner, som gjer at eit fly kan stå i Sogndal natta over, sjølv midt på snørike vinteren.

Tom Dyrdal, dagleg leiar i Avery Dennison NTP i Gaupne.

SKUFFA OVER PRISHOPP: Tom Dyrdal, dagleg leiar i Avery Dennison NTP i Gaupne, er avhengige av at flya går når dei skal for å få levert varene tidsnok i ein tøff internasjonal marknad.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Eit slikt nattparkert fly vil gi plass til fleire passasjerar og bidra til at flyet går når det skal. Nettopp det er avgjerande for næringslivet, meiner Dyrdal:

– Når kostnadane aukar, meiner eg det legg større press på dei offentlege aktørane til å bidra meir, ikkje dei private. For oss er eit spleiselag allereie litt vanskeleg å forsvara for eigarane våre.

– Kan få prisen ned

Ordførar Jarle Aarvoll (Ap) i Sogndal meiner ein ikkje skal sjå seg blind på prislappen:

– Avinor har valt løysingar som er kostnadsdrivande, så det vil ikkje vera vanskeleg å få summen monaleg ned.

Til våren blir det bestemt kva selskap som får kontrakten på å fly rutene til og frå Sogndal dei neste fire åra. Widerøe er det einaste selskapet som har lagt inn tilbod.

Statssekretær i Samferdselsdepartementet, Tom Cato Karlsen

SKEPTISK: – Eit krav om nattstasjonert fly vil gi flyselskapa fleire avgrensingar og kan føra til at prisen på anbodet bli pressa opp, sa statssekretær Tom Cato Karlsen (Frp) i Samferdsledepartementet i vår.

Foto: Håkon Jacobsen / NRK

Regjeringa vil ikkje krevja at Widerøe skal parkera flyet sitt på Haukåsen om natta. For å få flyselskapet med på nattstasjonering, er god dialog vegen å gå, ikkje konsesjonskrav, sa statssekretær Tom Cato Karlsen (Frp) i Samferdsledepartementet i vår.

Planar på is

Regjeringssignala og prislappen gjer at dei gryteklare hangarplanane blir lagde på is, seier Aarvoll:

– Me vil halda fram arbeidet med å betra setekapasiteten og å få flya til å gå når dei skal. Eit nattstasjonert fly er ein del av det, men litt fram i tid.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.