Hopp til innhold

Flygaren sin feil at helikopter havarerte

Det var piloten sin feil at eit helikopter måtte naudlande på Vikafjellet i fjor sommar. Det meiner havarikommisjonen.

Oversiktsbilete

VELTA: Det vesle helikopteret felta over på sida etter naudlandinga.

Foto: Adalheidur Oldeide / NRK

Ising i forgassaren var truleg årsaka til at eit helikopter havarerte på fjellet i Vik kommune 14. juni i fjor.

Statens havarikommisjon for transport (SHT) har konkludert med at piloten ikkje nytta seg av forgassarvarme, og at det dermed oppstod ising i forgassaren. Dette gjorde i sin tur at helikopteret miste motoreffekt.

Piloten valde då å naudlande på fjellet Liabakken om lag 1100 meter over havet ved mellom Arnafjorden og Vik. Under landinga velta helikopteret og fekk omfattande materielle skadar. Men både piloten og passasjeren kom uskadde frå uhellet.

I Sogn tok norgesferien ei dramatisk vending for dei ti tyske turistane.

FORGASSARISING: Årsaka til havariet var truleg ising i forgassaren på helikopteret.

Nytta ikkje forgassarvarme

Etter havariet vart motoren montert ut av helikopteret og prøvekøyrt i benk. Pressekontakt William J. Bertheussen i SHT seier at det ikkje er funne feil på korkje motor eller tenningssystem. Difor reknar dei med at ising i forgassaren er årsaka til at motoren miste effekt.

– Dei meteorologiske tilhøva låg til rette for forgassarising, og vi har kunna slå fast at forgassarvarme ikkje vart nytta på denne flyginga.

Gir motoren mindre effekt

Flyginga fann stad midt i juni, og helikopteret av typen Robinson Helicopter Company R22 Beta, var ikkje høgare oppe enn 3800 fot, det vil seie under 1300 meter. Likevel kan faren for forgassarising vere til stades, seier Bertheussen.

– Det kan det, og det har Havarikommisjonen peika på i fleire av sine rapportar. Det er noko alle flygarar må ta høgde for, seier Bertheussen.

Resultatet av ising i forgassaren er at motoren gir mindre effekt, og helikopter et spesielt utsett for dette på grunn av at det ikkje blir teke ut full effekt av motoren ved horisontal flyging.

Helikopteret var eitt av fem mindre tyske helikopter med turistar som flaug i lag frå Førde lufthamn Bringeland i retning Sandefjord i Vestfold.