Hopp til innhold

Flyet til Bruce Dickinson punkterte

Då Iron Maiden-vokalist Bruce Dickinson landa i Florø i dag, punkterte eine hjulet på privatflyet.

Privatfly på Florø lufthamn/Bruce Dickinson

PUNKTERTE: Iron Maiden-vokalist Bruce Dickinson punkterte då han landa med dette flyet i Florø i føremiddag.

Foto: Steinar Lote,NRK/Punit Paranjpe, Reuters

Den kjente vokalisten kom til Florø for å vere med på Temposeminaret, som er eit inspirasjonsseminar for næringslivet i Sogn og Fjordane.

Vokalisten og frontfiguren i eit av verdas mest kjente heavy metalband har sjølv skapt seg ei karriere utanfor musikkindustrien. Han er mellom anna utdanna pilot og flyg ofte sjølv. Også i dag sat han bak spakane då han landa på Florø lufthamn.

Fortalde frå scena

Under utdelinga av prisen for Årets gründer i Sogn og Fjordane kom han opp på scena til NRK-programleiar Gro Ravnestad. Han fortalde då om punkteringa.

– Vi punkterte då vi landa. No må hjulet reparerast før flyet kan brukast. Eg har ikkje tid å vente på det, for eg må straks vidare til London for å vere i Paris søndag, sa han.

Var udramatisk

Konferansier Rasmus Mo har snakka med Iron Maiden-vokalisten om episoden. Han seier det var litt sidevind på flyplassen, men at flyet hadde lågt fart då hjulet punkterte.

– Han sat sjølv bak spakane. Det var heilt udramatisk og han var ikkje prega av hendinga då han kom til seminaret for å halde foredraget. Han er vant med å flyge store passasjerfly og har lang erfaring med flyging.

Stengde flyplassen

Lufthamnsjef Siv Merete Stadheim stadfestar at eit fly punkterte i dag og at flyplassen var stengt i ein time etterpå.

– Flyet kom frå Ørlandet og punkterte då det landa. Vi stengde flyplassen for å få vekk flyet frå rullebana. Det blei ikkje skader utover hjulet. No blir flyet ståande her til flyselskapet har reparert det, seier ho.