NRK Meny
Normal

Flunkande nytt kjøkken til liten nytte, legg ned kokkelinje

Håpet var at det nye, moderne kjøkkenet på Sogndal vidaregåande skule skulle trekke til seg unge kokkespirer. No legg politikarane ned linja.

Tonje Torvanger lærer vekk knep til Martin Flåm.

OPNA I 2017: Kjøkkenet til elevane ved kokkelinja stod ferdig i januar i fjor, men effekten av nye lokale har uteblitt.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Vedtaket er dårleg nytt for ei næring som allereie skrik etter fagutdanna. Men med berre fire søkjarar til andre året på kokk- og servitørutdanninga, såg ikkje politikarane anna råd enn å legge ned trinn 2 skuleåret 2018- 2019.

– Søkjartalet er veldig lågt. Rett og slett for få søkjarar til at vi kan setje i gong linja, seier leiar Karianne Torvanger (Ap) i hovudutvalet for opplæring i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Sviktande interesse

Det var i januar i fjor at eit nytt, topp moderne kjøkken opna ved Sogndal vidaregåande skule. Då håpa ein kjøkkenet skulle auke interessa og søkjartala til linja. Resultatet er langt frå forventa.

– Det synest eg er synd. Vi har lagt ned mykje arbeid i bygging av ny skule, vi har svært bra lokalitetar og dyktige fagfolk. Det ligg så til dei grader til rette for å gje ein god utdanningsveg her, seier ordførar Jarle Aarvoll om dagens vedtak.

Han peikar på det mange har vore opptekne av siste tida, nemleg eit tilsynelatande umetteleg behov for kokkar.

– Eg ser det har vore ein del negative oppslag om yrket, om lønn, lange, arbeidskrevjande dagar, samstundes er det ein bransje som ropar etter arbeidskraft, seier Aarvoll.

– Viss Sogn, fylket og landet skal utvikle seg som turistdestinasjon, er dette ein av dei viktige faktorane som må vere på plass.

Eit lite håp om løysing

Skulefaga restaurantfag og kokk og servitør er også ved Måløy og Mo og Øyrane vidaregåande skular. Heller ikkje der fyller søkjartala opp heile klassar, men søknaden er langt betre enn til Sogndal vidaregåande skule.

Kuttet råkar fire elevar som har søkt seg til linja. Torvanger meiner elevane likevel kan ha ein sjanse til å fortsette utdanninga si.

– Skulen signaliserer at det er rom for å sjå på andre løysingar, slik at elevane kan få fullført utdanninga si.

– Det er eit mål at det neste år skal vere ei full klasse, slik at tilbodet vert ført vidare, seier Torvanger.

Vegopning på Bergum i Førde kommune