Hopp til innhold

Florøtrenaren skulle gjerne sett dei slapp ta ferie

– Vi skulle helst sett at vi ikkje tok ferie. Det seier Florø-trenar Terje Rognsø.

Terje Rognsø

KLAR FOR FØRSTE KAMP ETTER FERIEN: Florøtrenar Terje Rognsø håpar dei kan halde fram der dei slapp før ferien.

Foto: Rune Fossum / NRK

For før laget frå kystbyen tok sommarferie for tre veker sidan vann dei tre kampar på rad i førstedivisjon. Men etter 2–0 sigeren borte mot Ranheim 2. juli har dei hatt tre veker med fotballpause.

– Vi hadde ein svært god avslutning på vårsesongen og vi skulle gjerne berre halde fram i den tralten. No er planen å vinne på sundag slik at vi kan halde fram der vi slapp før ferien, seier Rognsø.

At laget vann fem av dei seks siste kampane før ferien, meiner Rognsø kjem av at fleire spelarar vart skadefrie.

– Vi har hatt ein utfordrande sesong med mykje spelarar ute. Spesielt kanskje i mai månad med det tøffe kampprogrammet vi hadde då. Vi hadde jo tru på at når vi fekk litt fleire å velje mellom, og litt meir avstand mellom kampane så skulle vi levere betre, seier Rognsø.

Nøkkelspelarar i trening igjen

Tre veker fotballferie har gjort at fleire av Florø-spelarane som har slite med skade har kome tilbake i trening.

Det er trenar Terje Rognsø glad for, særleg med tanke på at sundag kjem Fredrikstad på vitjing til kystbyen.

– Halvor Solheim-Olsen og Andre Reksten som har vore ute sidan tidleg i april er no i trening igjen i ulik grad. Dei er i all fall med på fellestreningane. Vi håpar at dei skal vere aktuelle igjen om ikkje altfor lenge, seier Rognsø.

Men to av hola i stallen vert det verre å tette. Kim Vik er ute for resten av sesongen med korsbandskade, og Erlend Hove braut ankelen då Florø slo Mjøndalen 4–2 før sommarferien. Dermed vert også han lenge ute.

Ser ikkje vekk frå spelarsal

Fem sigrar på dei siste seks kampane har gjort at større klubbar har fått opp augo for Florø sin spelarar.

– Det er interesse for ein god del av spelarane, seier Rognsø.

I sommarpausen har klubben signert permanente avtalar med Peter Aase og Kristoffer Ryland som har vore på lån frå Sogndal. I tillegg er spissen Torbjørn Aabrekk henta inn for å styrka laget.

Men dei gode prestasjonane har gjort større klubbar interesserte i fleire av spelarane, og trenar Terje Rognsø ser ikkje vekk ifrå at nokre vert selde.

– Overgangsvindauget er ope til 16. august, så vi veit at ein del spelarar kjem til å verte følgde dei neste vekene. Ein veit aldri i dette gamet, men det vert uansett ikkje så veldig mange som kjem til å forsvinne frå vår tropp, seier Rognsø.

Søndag er første seriekamp etter ferien, då Fredrikstad kjem på besøk til Florø klokka 18:00