Hopp til innhold

Florø-trenaren var så sikker på Hødd som motstandar at han planla Ulsteinvik-tur

Florø-trenar Terje Rognsø kjende seg trygg på at Hødd ville bli motstandar i fotballcupens 2. runde. Han fekk rett.

Terje Rognsø

SOM VENTA: Terje Rognsø håpar framleis på cupfest på heimebane. Men først må dei slå 1. divisjonslaget Hødd.

Foto: TRULS KLEIVEN

Både Florø og Sogndal er sett opp med bortekamp i neste runde av cupen.

Medan Sogndal møter Åsane eller Bjarg, tek Florø turen til Ulsteinvik og Hødd.

– Hødd er ein attraktiv motstandar, men eg vart litt skuffa over at vi fekk bortekamp, seier trenar Florø-trenar Terje Rognsø.

Planla Hødd-tur

Trenaren for 2. divisjonslaget har spekulert kring cupmotstanden sidan dei slo Førde ut i 1. runde. Ut frå geografi og internreglar for cupen, landa han på Hødd.

Rognsø kjende seg så trygg på Hødd som motstandar at han allereie har planlagt tur til Høddvoll førstkommande søndag når 1. divisjonslaget tek imot Strømmen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Florø-Sogndal - jubel på tribuna

JUBEL: Det er slike jubelscener, som etter cupsigeren over Sogndal, at Florø ynskjer seg på heimebane.

Foto: Alf Vidar Snæland

– Hødd er ikkje noko lag vi har møtt eller kjenner særskilt til. Det er jo greitt å ha litt oversikt over motstandaren, men eg trudde det var heimekamp eg skulle bu meg til, seier han.

Håpar på folkefest

Florø har dei tre siste åra hatt eliteserielaga Sogndal, Brann og Aalesund på cupbesøk. Førstnemnde returnerte med tap.

Rognsø seier draumen for lag i lågare divisjonar er eliteserielag og folkefest på heimebane.

– Ein attraktiv motstandar gir mykje folk, og det har vi hatt i Florø dei siste to åra, så vi håpa ein folkefest igjen mot eit Tippeligalag. Vi kan framleis få det, men då må vi først slå Hødd, seier han.

– Sjansen er der

Florø-trenaren reknar Hødd som eit av dei vanskelegaste 1. divisjonslaga å møte. Etter fire kampar er cupmeistrane frå to år sidan nummer fire i divisjonen.

Same plassering har Florø, men laget har imponert i dei to kampane dei har spelt i comebacket i 2. divisjon. Rognsø trur ikkje det er umogleg at vegen mot Ullevaal held fram også etter cupoppgjeret 7. mai.

– At det blir vanskeleg er det ikkje tvil om, men det er langt ifrå umogleg. Så lenge sjansen er der, så skal vi gjere det vi kan for å stå for ein liten sensasjon igjen, seier han.