Hopp til innhold

Florø: – Det er heilt ufatteleg at han skal ha drepe nokon

FLORØ (NRK): På skulen var han ein smilande og blid ungdom. No meiner politiet at han er ein drapsmann.

Drapet skjedde i kjellarleilegheita i dette huset i Florø.

AVSPERRA: Drapet skjedde i kjellerleilegheita i dette huset i nærleiken av Florø sentrum. Politiet sine teknikarar er førebels ferdige på åstaden.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Spørsmåla er mange og svara framleis få etter at ei 51 år gamal kvinne blei knivdrepen i Florø fredag kveld.

Ein 27 år gamal mann er sikta for drapet på kvinna. Ho var på besøk til den drapssikta si mor og kjende den påståtte drapsmannen.

Mannen sin psykiske helsetilstand gjer at han enno ikkje har vore i avhøyr. NRK veit at ein av politiet sine teoriar er at han var psykotisk då drapet blei utført.

– Det er heilt ufatteleg at han skal ha drepe nokon, fortel ein av mannen sine vener frå skuletida til NRK.

27-åringen, som innvandra frå Latvia, blir skildra som ein smilande og blid kar og ein person som var lett å like for alle.

På den vidaregåande skulen i Florø kunne han finne på mange sprell, men var ikkje valdeleg mot nokon, fortel skulekameraten.

– Den gongen var han verdas hyggelegaste type, fortel skulekameraten.

Skremde naboane

I dag er det eit heilt anna bilete som blir teikna av mannen som no er sikta for drap. Seinast natt til fredag skal han ha oppført seg utagerande og truande mot folk i nabolaget.

Han banka på dører og ville inn og skremde ein tilsett i kommunen som var ute på helseoppdrag. Det førte til at politiet tok kontakt med han på telefon, då roa han seg og reiste heim for å sove.

– Vi varsla også legevakta om dette og dei ville følgje dette opp, seier Kjetil Rekdal i Vest politidistrikt til NRK.

Verken politiet eller helsevesenet vil på noverande tidspunkt ta sjølvkritikk for at mannen ikkje blei tatt hand om natt til fredag utover telefonsamtalar.

Rundt klokka 20 fredag kveld kom meldinga om at ei kvinne var knivstukken og alvorleg skadd. Store styrkar rykte ut til bustaden til mannen, men livet til kvinna stod ikkje til å redde.

Engstelege etter hendinga

Fleire av naboane i det rolege nabolaget i kystbyen er uroa og skremde etter drapet.

– No låser vi alle dørene klokka åtte om kvelden. Sjølv om dei har tatt han dei trur står bak drapet, så er det likevel skremmande at noko slik har skjedd der vi bur, fortel ein av naboane til NRK.

Sjølv blei dei merksame på at noko dramatisk hadde skjedd då helikopteret frå luftambulansen landa like ved huset deira. Brått var den rolege gata fylt opp med uniformskledde folk frå politi og helse.

– Ungane våre ringde oss og lurte på om det var hos oss det hadde skjedd noko. Det var veldig ekkelt, fortel naboen.

Drapet i Florø 15. november

KYSTBYEN: Naboar i det rolege nabolaget i Florø er uroa.

Foto: Truls Kleiven

Nytt drap i same by

I nabolaget like ved Florø sentrum er det stille og roleg måndag. Politisperringane rundt huset og papp-plater i vindauga er det einaste som vitnar om dramatikken fredag kveld.

Det er berre sju månader sidan sist den vesle byen vest i Sogn og Fjordane blei råka av eit drap.

Då blei ein mann funnen drepen, ein er framleis sikta for drap i den saka. Begge mennene var knytt til byen sitt tunge rusmiljø.