Hopp til innhold

Florø vil prioritere rusarbeid

Manglande behandlingstilbod for rusavhengige gjer at frivillige har måtte ta grep i Florø. No lovar kommunen at dei skal ta meir ansvar.

Narkotika i distrikta

TRENG HJELP: Mange narkomane må vente lenge på hjelp. I Florø har frivillige tatt grep og har fleire gonger måtte hjelpe folk med avrusing.

Foto: Simon Solheim / NRK

- Vi vil gjere ein jobb for å prioritere rusarbeid i større grad enn det vi gjer no, seier rådmann Terje Heggheim til NRK.

Frivillige tek seg av avrusing

Narkotikamiljøet i Florø har blitt hardare med åra. Sjølv fryktar dei narkomane i kystbyen at fleire skal døy av overdose om ikkje noko vert gjort for å få bukt med problemet.

Rusettervernet er oppgitt, og seier dei ofte står åleine for å hjelpe dei rusavhengige.

Ofte må rusettervernet ta på seg oppgåver som går langt utover det som har med ettervern å gjere. Deira jobb er eigentleg å ta seg av folk etter at dei har fått behandling, men manglande tilbod i kommunane gjer at dei ofte må gjere langt meir.

- I mange tilfeller hjelper vi til i prosessen før folk kjem inn på institusjon. Ofte er det vi som er med å avruse folk før dei får behandling, seier Glenn Høivik som er leiar i Rusettervernet i Sogn og Fjordane.

(Artikkelen held fram under biletet)

Glenn Høivik, rusettervernet i Sogn og Fjordane

OPPGITT: Glenn Høivik i Rusettervernet i Sogn og Fjordane seier dei ofte hjelper folk med avrusing, og meiner kommunane må ta meir ansvar.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

- Eg følgde dei frå Florø til Oslo

Også Einar Hammerseth som har arbeidd som frivillig i rusettervernet i 30 år har tatt på seg oppgåver som eigentleg ikkje er deira jobb.

- Eg har vore med å følgje folk til institusjon. Vi har reist med dei frå Florø og følgd dei heilt til døra på institusjonen i Oslo, seier Hammerseth.

Han har sjølv mista ein son på grunn av rusmisbruk, og har kjent mykje på at han har måtte stå åleine i kampen mot rusen.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video Einar Hammarseth fortel om tapet av sonen som tok overdose

Einar Hammarseth fortel om tapet av sonen som tok overdose.

- Kommunen må skjerpe seg

Hammerseth meiner kommunen er heilt avhengige av dei frivillige og at dei vegrar seg for å prioritere rusarbeidet.

- Kommunen var med heilt til vi nemnde pengar, då fekk dei bakoversveis og det var full stogg, seier Hammerseth fortvila.

- Vi skal bli betre

Terje Heggheim

LOVAR BETRING: Rådmann i Flora, Terje Heggheim seier kommunen no vil prioritere rusarbeidet.

Foto: Karl Kristian Langeland / NRK

Rådmann i Flora, Terje Heggheim lovar at ting skal bli betre.

- Denne kritikken skal vi ta innover oss, seier Heggheim til NRK.

Han seier det ikkje er meininga at ettervernet skal ta seg av avrusing, og seier Flora kommune vil prioritere rusarbeid i tida framover.

Oppretter eigne stillingar

- Målet må vere at når ein person ønskjer avrusing, så må vi vere så fleksible som mogleg i forhold til å syte for at det skjer så raskt som råd, seier Heggheim.

Rådmannen håpar kommunen skal få til eit opplegg for dei rusavhengige som fungerer betre enn i dag.

- Vi vil opprette eigne stillingar som skal jobbe saman med pårørande til rusavhengige og ettervernet. Vi håpar vi kan få til eit opplegg der kommunen lettare kan følgje opp dei rusavhengige, seier Heggheim.