Stjernespissen er sterkt ynskt i Vålerenga, men Florø seier blankt nei til sal

Florø Fotball har blankt avslått to bod frå Vålerenga på Rashad Muhammed. – Det er for stor skilnad i forståinga av verdisettinga, seier trenar Terje Rognsø.

Rashad Muhammed

HØGT NIVÅ: Ein sesong med Florø Fotball fekk fleire eliteserieklubbar til å følgje nøye med på Rashad Muhammed. Den nyopprykka 1. divisjonsklubben vil ikkje selje no. – Utgangspunktet er å sleppe Rashad vidare, men så lenge vi ikkje må selje er det uaktuelt å sleppe spelarar så tett opp til sesongstart, seier trenar Terje Rognsø.

Foto: TRULS KLEIVEN

Franskmannen var tidlegare i vinter på eit fire dagar langt prøveopphald i eliteserieklubben .

Det tok ikkje mange dagar før Vålerenga leverte første bod på 23-åringen.

– Vålerenga varsla at dei ville komme med bod, og vi var klare på at då måtte det vere bod vi ikkje kunne seie nei til. Det har dei så langt ikkje gjort og då var det fort gjort å seie nei, seier Rognsø.

Vil få sjansen

Terje Rognsø på supportermøte

VIL HA: Terje Rognsø vil behalde Rashad Muhammed i Florø.

Foto: Truls Kleiven / NRK

Spissen med fortid i den franske storklubben Paris Saint-Germain scora ni mål på 23 kampar då Florø i fjor rykka opp i 1. divisjon. Kvalitetane hans fekk fleire eliteserieklubbar til å følgje han tett utover sesongen.

Rognsø vil ikkje kommentere kva bod dei har fått på franskmannen.

– Rashad er ein av spelarane som vi ser på som ei investering i den meining at han kan bringe klubben verdi. Held han fram utviklinga frå i fjor, så er det ikkje tvil om at han vil hamne i ein større klubb enn Florø, seier Rognsø og legg til:

– Eit sal vil vere meir aktuelt til sommaren eller etter sesongen, seier han.

Blant dei mest spennande

Igor Aase

SPENNANDE: Igor Aase seier at dei førebels gir opp å hente Rashad Muhammed til Vålerenga, men at dei vil halde auge med 23-åringen også kommande sesong.

Foto: Thomas Brekke Sæteren / NFF

Speidar Igor Aase seier at dei har hatt ein god dialog med Florø Fotball om spissen.

Sjølv om dei med det første ikkje vil gjere nye forsøk på å hente 23-åringen, så vil dei halde fram med å følgje han.

– Råpotensialet hans gjorde han til ein av dei to-tre mest spennande spelarane i lågare divisjonar i Norge i fjor. Ikkje minst på grunn av den ekstreme ekstremfarten, seier han.

Raskare enn den raskaste

Farten fekk Vålerenga presisert til grader under fartstesten.

– Vi testa han både på 10 og 30 meter og vart imponerte. Han slo vår raskaste med god margin, seier Aase og legg til:

– Han har råpotensial til å ta steget vidare, og har kvalitetar som vi ikkje har i klubben per i dag. Det er ein veldig spennande spelar.

Testar senegalesar

I laurdagens treningskamp borte mot Hødd, får 19 år gamle Alioune «Badou» Ndour sjansen til å vise seg fram for Rognsø.

Angrepsspelaren frå Senegal vart skildra som ein spennande spelar då han nyleg var på La Manga med Bodø/Glimt.

– Vi er eigentleg ferdige med å hente nye spelarar, men ynskjer å sjå om det er ein spennande spelar, seier Rognsø.