NRK Meny

Florø-verksemd i vekst

Medan mange piler peikar feil veg i næringslivet i Flora har verksemda IVest Consult god vekst. Talet på tilsette har auke frå 19 til 32 på tre år, skriv Firdaposten. Verksemda held til på Horne brygge og driv med konstruksjon, bygningsteknikk, elektro, VVS og energi, prosjektadministrasjon, byggjesaksførebuing, planarbeid, infrastruktur, arkitektur og fornybar energi