Hopp til innhold

Sterke kjensler i knokkelkamp: «Dette svir. Og det kjem til å svi til vi møtest neste gong»

FØRDE - FLORØ 0-1 (NRK.no): Framfor 1675 tilskodarar trekte Florø det lengste strået i lokalderbyet mot Førde.

Gisle Isene (t.v.) i duell med Halvor Solheim-Olsen

TØFFE DUELLAR: Det var ein underhaldande kamp med mange tøffe duellar og høgt tenninsgnivå då Florø vitja Førde. Her er Gisle Isene (t.v.) i duell med Halvor Solheim-Olsen.

Foto: Rune Fossum / NRK

  • Sjå video frå folkelivet og høgdepunkta frå kampen lenger nede

– Dette svir. Og det kjem til å svi til vi møtest neste gong, seier Gisle Isene.

– Eg er skuffa. Veldig skuffa, seier Førde-spelaren etter å ha fått summa seg etter kalddusjen mot erkerivalane i Florø.

Laget hans har nettopp tapt på heimebane mot laget dei definitivt ikkje vil tape for: Naboane frå kystbyen.

For sjølv om vi snakkar om 2. divisjon og det ein kanskje skulle tru var av det meir uskuldige slaget, så er det ikkje heilt slik. 16. mai-kampen mellom Florø og Førde er noko heilt spesielt - og fredag samla oppgjeret heile 1675 tilskodarar.

(Artikkelen held fram under biletet)

Florø-supporterar

JUBEL: Fleire hundre supporterar hadde teke turen til Førde for å sjå 16. mai-kampen. Dei kunne juble etter kampslutt.

Foto: TRULS KLEIVEN / NRK

Har møtt kvarandre i kampar «heile livet»

Gisle Isene er fødd i 1988, og har spelt på Førde sidan han lærte å gå. Det betyr at han også har fått inn med morsmjølka at det er viktig å slå Florø.

Og på den andre banehalvdelen: Christer Husa - også fødd i 1988, og minst like oppteken av å slå Førde. Tallause gongar har dei har spelt kampar mot kvarandre med «livet som innsats».

Slikt MÅ det bli skikkeleg lokaloppgjer av. Ikkje minst når tribunene er fulle av engasjerte supporterar i tillegg.

– Med så mange tilskodarar i ryggen, er det som å ha 13-14 mann på bana. Dei gir oss ein skikkeleg boost, og hjelpte oss til siger. Dette smakte herleg, gliser Husa til NRK.no.

- Må ha tenning for å fungere

Med ein så viktig siger dagen før dagen, lovar Husa at han skal gå med heva hovud i borgartoget i Florø på 17. mai. Sjølv har han - faktisk - spelt to år på Førde, og var nok mellom dei med høgast tenningsnivå både før og under kampen.

– Eg har kontroll på temperamentet. Men eg må ha eit visst tenningsnivå for å fungere skikkeleg, seier han og kastar seg inn i jubelscenene saman med medspelarar og supporterar.

Like stor stemning var det ikkje blant heimelaget sine spelarar. Det var det heller ikkje blant heimepublikum, som forlet stadion medan dei blå-svarte feira sigeren.

Det er surt å måtte innsjå at erkerivalane tek alle tre poenga i di eiga leikegrind.

(Artikkelen held fram under biletet)

Video frå folkelivet på Førde Stadion då Florø slo Førde 1-0 på sekstandemaikamp 2014

Foto og redigering: Truls Kleiven

Handgemeng med 20 spelarar

Etter å ha komme til hektene etter nederlaget, prøver førdianaren Gisle Isene å setje ord på kjenslene utanfor Førdehuset.

– For meg betyr desse kampane mykje ekstra. Men kvifor? Tja. Det har alltid vore tøffe kampar mot Florø, og målet til begge byane er å slå kvarandre. I alt. Difor er det kjekt å setje dei på plass. I det siste har vi dessverre ikkje greidd det.

– Korleis er det å spele desse kampane framfor så mange ivrige tilskodarar?

– Det er fantastisk. Vi merkar at det er noko spesielt under oppvarminga, då vi går inn på bana og undervegs i kampen. Klart det oppeldnar oss, seier han.

Heilt på tampen enda ein situasjon med Isene i sentrum i handgemeng med omtrent alle spelarane involvert. Dommaren hadde sin fulle hyre med å skilje 20 ampre menn.

– Det er ikke sikkert vi hadde gått slik i klinsj på slutten, hadde det ikkje vore for publikum, vedgår Isene.

(Artikkelen held fram under biletet)

Handgemeng mellom Førde og Florø

AMPERT: Dei fleste av spelarane var involverte då ein situasjon rundt Gisle Isene eksalerte like før kampslutt. - Eg ramla over keeperen deira, og like etter var vi alle midt oppe i knuffinga, seier Isene om episoden.

Foto: Rune Fossum / NRK

Slik var kampen mellom rivalane

Førde kom best i gang då Alexander Ødegaard kom til kampens første sjanse etter berre nokre minutts spel. Men derifra og ut første omgang var det Florø som dominerte det som skjedde ute på grasmatta.

Leia av ein strålande opplagt Stefan Aase rulla dei opp fleire lekre angrep, og det var midtbanespelaren sjølv som etter 16 minutts spel opna målkontoen. Då fekk Aase eit klokkereint treff frå distanse, og ballen fauk inn bak Ante Knezovic i Førde-målet.

Gjestane kunne fort ha auka leiinga etter fleire gode sjansar, men gjekk til pause etter ein underhaldande omgang med berre eitt mål i protokollen.

Etter kvilen endra kampbiletet seg, og det var Førde som hadde ballen mest. Heimelaget skapte likevel ikkje veldig mykje, sjølv om dei med litt marginar på si side kunne ha utlikna på nokre av sjansane sine.

– Vi slår dei fordi vi spelar fotball, og det verkar som om dei fryktar oss. Sjølv om Førde kom med i kampen i andre omgang, synest eg vi står godt imot, seier Husa.

– Vi var ikkje gode nok i første omgang, men etter pause flytta vi spelet opp og kom til tre-fire sjansar. Då kunne vi ha fått mål, og spesielt i sjansen vi hadde på overtid, meiner Isene.

Høgedepunkta frå lokaloppgjeret mellom Førde og Florø på Førde Stadio 16.mai 2014. Florø vann kampen 1-0

Foto og redigering: Arne Stubhaug