Hopp til innhold

Florø-trenaren: – Vi var heldige som vann mot Elverum i dag

– Denne kampen er eit bevis på at vi ikkje skal tru vi får noko som helst utan å jobbe beinhardt for det, seier Terje Rognsø.

Endre Kupen. Florø-Fredrikstad

SIGERSMÅLET: Endre Kupen skåra det avgjerande målet i 86. minutt (ARKIVFOTO).

Foto: Truls Kleiven

Laster innhold, vennligst vent..

Til trass for siger mot Elverum søndag kveld, er ikkje Florø-trenaren heilt nøgd med kampen.

– Mange snakkar om at det burde vere lett for oss å vinne mot eit lag som ligg så langt nede, men det er berre snakk om nokre veker sidan vi låg heilt på sida av dei.

Han seier at Elverum er eit godt lag, og at Florø var heldige som tok sigeren.

– Likevel skal vi ta med oss at Elverum er eit lag som er desperate etter å få poeng, dei gir alt. Vi vann mot dei likevel, og det er ekstremt viktig for oss, seier Rognsø.

Vanskeleg kamp

– Det var ein slitekamp, og vi gjorde mange feil, seier Rognsø.

Han meiner at spelarar i uvande posisjonar og ein tørr kunstgrasbane var med på å gjere det vanskeleg for Florø.

Terje Rognsø

HELDIG: – Vi har ikkje alltid hatt marginane med oss, så det jamnar seg for så vidt ut. Men vi var heldige som tok sigeren i dag, seier trenar Terje Røgnsø.

Foto: Truls Kleiven

– Det rakna litt då Elverum tok leiinga mot slutten av fyrste omgang. Vi var heldige som fekk eit mål rett før pause, seier han.

I andre omgang meiner han det såg betre ut ei stund.

– Vi tok leiinga 3–2 med eit hjørnespark. Då følte vi at vi hadde god kontroll. Men så skåra dei 3-3, og det var fortvilande.

Han seier at Elverum fortente målet.

– Vi må vere audmjuke

Neste søndag møter Florø Kongsvinger, og Rognsø vil bruke tida framover på å lære av feila dei gjorde på banen søndag kveld.

– Vi skal vere audmjuke, og vi skal jobbe hardt. Målet vårt er å stabilisere oss i divisjonen.

Det ser bra ut med fem strake sigrar, men det står enno att ein del.

– Vi har ikkje nok poeng, men kvar gong vi vinn ein kamp kjem vi nærmare målet. No må vi bli tøffare og raskare. Vi skal gjere det vanskeleg for Kongsvinger neste helg.

Laster innhold, vennligst vent..