Hopp til innhold

Florø tok poeng etter årsverste

Florø Fotball såg ut til å gå mot ein komfortabel siger og ny tabelltopp ved pause. Så rakna det på heimebane.

Florø - Fana

EITT POENG: Med regnvêret kom også dårleg og upresist spel på Florø stadion. Heimelaget rota vekk tomålsleiing og klarte berre eitt poeng mot Fana.

Foto: TRULS KLEIVEN

Christer Husa

TILBAKE: Christer Husa var tilbake på Florø-laget i oppgjeret mot Fana.

Foto: TRULS KLEIVEN

To mål på sju minuttar og «bussen parkert» framfor eige mål var det som skulle til for at trenar Rune Vindheim og Fana tok med seg eitt poeng frå kystbyen.

Igjen sat eit Florø lag som leia 3–1 og toppa tabellen, men som til slutt måtte seie seg nøgde med 3–3 – og framleis fjerdeplass på tabellen.

– Surt, men eg kan ikkje seie at det er ufortent. Ut frå vår prestasjon er det eit greitt resultat, resignerer Christer Husa.

(Artikkelen held fram under videoen)

Florø leia 3-1, men rota vekk sigeren.

SJÅ: Ein skuffa Christer Husa bli intervjua etter eitt poeng mot Fana. (FOTO/REDIGERING: Truls Kleiven)

To mål på fire minuttar

Florø-spelaren spelte sin første kamp sidan slutten av juni då Fana vitja Florø. Han såg tidleg ut til å vere mannen som skulle få Florø tilbake på vinnarsporet etter fem kampar utan siger.

Kampen var fem minuttar gamal då han slo eit hjørnespark via ein motspelar og i mål. Fire minuttar seinare serverte Husa Runar Hove som stanga inn dagens andre scoring for Florø.

Så langt, så bra. Gjestene reduserte, men Erlend Hove utnytta klabb og babb framfor Fana-målet og sytte for ny tomålsleiing til pause.

– Vi hadde to avslutningar i stanga, men var eigentleg ikkje så veldig gode. I pausen prøvde vi å stramme opp. Det er ekstremt viktig å ikkje gi frå seg mål, men det var det som skjedde. Då fekk Fana bensin på tanken, seier Rognsø og summerer opp kampen slik:

– Vi var ustrukturerte og energilause. Andre omgang er årsverste.

– Jamn og dårleg kamp

For før timen var spelt, var tabellfemmaren à jour i målprotokollen.

– Så jamnar det seg ut, og det blir ein dårleg fotballkamp. Det er upresist frå begge lag, men vi er klart dårlegast. Ein skuffande prestasjon, seier Rognsø og vanskeleg kan forklare kvifor dei for femte gong på rad går av bana utan å vinne.

(Artikkelen held fram under biletet)

Runar Hove

DOBLA: Runar Hove sette inn 2–0 for Florø.

Foto: TRULS KLEIVEN

– Eg tykkjer det er meir spelarar som ikkje leverer som dei har gjort tidlegare. Spesielt på 2–3 målet blir det gjort feil, på feil, på feil på feil. Då får ein angst og det krevst mykje energi å komme inn att i kampen.

Tok ein risiko

Sjølv med målgjevande og mål, vart det altså ikkje ein lukkeleg retur på laget for Husa. Ein leddbandskade har halde han ute frå fotballen sidan slutten av juni.

– Han har ikkje vore lenge i trening, så vi tok ein risiko sidan han ikkje er heilt der han skal vere fysisk. Men vi fekk nytte av dødballfoten hans, slår Rognsø fast.

PS! Søndag reiser Florø sitt juniorlag til Fyllingsdalen der dei møter heimelaget i 4. runde av NM-cupen.