Hopp til innhold

Florø tapte 0–3 mot Ull/Kisa

Florø hadde sjansen til å hekte seg på att i kampen om kvalikplassane, men i staden gjekk florøværingane på eit stortap i bortekampen mot Ullensaker/Kisa.

Florø fotball-Arendal, Monir Benmoussa

TAP: det vart tap for Florø i kampen mot Arendal førre serierunde, og det vart det også mot Ull/Kisa i dag.

Foto: Truls Kleiven

– Det var ein tung førsteomgang. Det er eigentleg ganske jamt, men så får vi tre mål mot oss, og då er det tungt, seier Florø-trenar Terje Rognsø.

Alle dei tre måla til heimelaget kom i den første omgangen. Ole Andre Nesset fekk Ull/Kisa opp i leiinga etter 23 minutt. Deretter var det Niklas Sandberg etter 36 minutt og Magnus Retsius Grødem rett før pause.

Florø gjekk også på eit surt tap mot Arendal førre helg, og er no nede på åttande plass med 32 poeng. Rognsø innrømmer at dei er inne i ein dårleg periode.

– Vi er inne i ein periode no der det er mykje som ikkje fungerer, seier trenaren.

– Vi gjer feil vi har jobba mykje med

Rognsø seier at det er tungt å skulle prøve å snu 0–3 etter kvilen. Han tykkjer det var ein tung omgang.

– Vi har for så vidt fleire store sjansar etter pausen, enn vi hadde i første omgang. Likevel blir det tungt, og det er vanskeleg å snu ein slik kamp.

Florø-trenaren trur det blir ein tung tur heim til kystbyen, ikkje minst på grunn av feila som laget gjorde i dag.

– Det som er surt i dag er at vi blir straffa veldig på ting som vi jobbar mykje med. Det handlar om balltap, og det handlar om at vi ikkje kan bli kontra så mykje på når vi er på bortebane. Det går utover stemninga i gruppa.

Laster innhold, vennligst vent..