Hopp til innhold

Leia til pause - men brende to straffespark

(Florø-Åsane 1-1) Florø klarte ikkje å utnytte sjansane sine mot serieleiar Åsane og måtte til slutt ta til takke med eitt poeng.

Florø

UAVGJORT: Florø-spelarane klarte ikkje å få skalpen på Åsane i dagens kamp. Biletet er teke i ein tidlegare kamp.

Foto: Eivind Nordvik Hauge

– Vi er veldig skuffa over at vi ikkje klare å ta med oss tre poeng. Vi møter eit godt lag, det er greitt nok. Men vi brenner to straffespark. Når vi ikkje set slike sjansar, så hjelper det ikkje, seier Florø-trenar Terje Rognsø.

Florø har floge høgt sidan cupskrellen der florøværingane smadra tidlegare cupmeister Hødd 1–5 på Høddvoll. Men kampen mot serieleiar Åsane i dag skulle bli langt frå like enkel.

Christer Husa brende den første straffa i 3. minutt av kampen, då han sette ballen i stolpen.

Nær 1000 tilskodarar på stadion

I andre omgang missa også Stefan Aase på straffespark framfor dei nær 1000 tilskodarane på Florø stadion.

– Det er ekstra surt når det var så mange tilskodarar som var komne for å sjå oss spele godt. Vi visste dette kom til å bli ein heilt annan kamp enn cupkampen mot Hødd, men likevel, seier Rognsø.

Åsane låg lågt på bana og gjorde sitt til å stikke kjeppar i hjula for Florø sitt spel.

– Og det lukkast dei godt med. Men det er inga unnskyldning. Vi burde prestert betre, seier Rognsø.

Merkar køyret på kroppen

Han legg likevel ikkje skjul på at florøværingane kjende onsdagens cupkamp i beina, og dei er i ferd med å leggje ein hard månad bak seg.

– No har det vore kampar i helg-midtveke-helg i ein månad. Neste veke får vi den første treningsveka sidan før påske, og det trur eg vil gjere godt. Vi var nok slitne etter Hødd-kampen, både grunna kampen og lang reise, seier Rognsø.

Florø står no med fem poeng etter fire spelte kampar, noko som uroar trenaren.

– Vi føler på at vi burde hatt fleire poeng, for vi har spelt bra. Men skal vi klare oss i dette selskapet, så må vi setje dei sjansane vi får, seier Rognsø.

Ser fram til årets høgdepunkt

16. mai er det duka for årets knokkelkamp på Førde stadion når Førde og Florø møtest til dyst.

– Vi gler oss og ser veldig fram til det. Vi skal revansjere oss kraftig. Desse oppgjera lever sitt eige liv, uansett oppkøyring. Her er det mykje adrenalin og kjensler ute og går. Det har vore mange tøffe bruduljar, og det vert det sikkert også denne gongen, seier Rognsø.

Førde spelte i dag borte mot Stord, ein kamp dei vann 1–0. Etter kampane i dag ligg Førde på 6. plass på tabellen med seks poeng, medan Florø ligg på 8. plass med fem poeng.