Hopp til innhold

Florø snudde mot Selje

Florø Sportsklubb tok tre nye poeng i 3. divisjon då Selje vitja kystbyen laurdag.

Etter ein mållaus andre omgang tok det Trond Hamre berre to minutt å sende gjestene i føringa. Leiinga stod seg ikkje lenge. I det 49. minutt var Marius Moe først på ein retur og utlikna. 20 minutt seinare dunka Tor Olav Rognsøy inn 2-1 for bruntrøyene.

RESULTAT 18. RUNDE

Sjølv med tre nye poeng, er Florø på sjuande plass på tabellen med 26 poeng. Det er derimot blitt eit gap på seks poeng til laget under, Høyang.

Selje er framleis nest sist på tabellen med sine ti poeng. Skavøypoll vil med siger over Stryn på laurdag passere Selje.

Florø - Selje 2-1 (0-0)

Florø stadion

Kampen er i gang

0-0 til pause. Både Florø og Selje har produsert sjansar som dei burde ha scora på. Nærast var Christer Husa som sette eit frispark frå 30 meter i tverrliggaren.

0-1 47 min. Trond Hamre. Får ein stikkar og kjem åleine mot keeper. Gjer lett si andre scoring for sesongen.

1-1 49 min. Marius Moe. Keeper gjev retur på eit frispark frå Christer Husa, som Moe set i mål. Dette er Moe si første scoring i 3. divisjon.

2-1 69 min. Torstein Grytten. Innlegg frå Tor Olav Rognsøy som Grytten sender knallhardt i mål frå 10 meter. Dette er Rognsøy si sjette for sesongen.

Slutt. Florø vinn fortent utan å overbevise. Begge lag kunne fått fleire scoringar.