Hopp til innhold

Lite fokus føre kampen - men Florø sikra seg likevel sigeren

Ein tordentale frå trenar Terje Rognsø snudde kampen mellom Florø og Sotra. Det sikra sigeren og tre poeng til sunnfjordingane.

Florø-Sogndal - jubel for mål

JUBLAR: Florø sikra seg ein ny siger i dag – borte mot Sotra. (Arkivfoto)

Foto: Alf Vidar Snæland

Den fjerde serierunden på Sotra enda til slutt 2–4. Stillinga ved pause var 1–0. Florø-trenar Terje Rognsø seie han på førehand frykta bortekampen mot Sotra i dag.

– Det har vore så mykje oppstyr rundt det med cupen. Vi fekk ikkje førebu oss så godt som vi burde før denne serierunden, seier han.

For etter den overraskande sigeren mot Sogndal i cupen 1. mai, har det vore travle dagar for det unge laget frå Florø. Endå meir merksemd blei då det blei klart at dei skal møte Brann til 2. runde i cupen.

Svak 1. omgang

Florø starta dårleg i dag og spelte svakt i første omgang. Mykje vind skapte også trøbbel under kampen. Ved pause var stillinga 1–0 til heimelaget.

– Sotra hadde medvind, men for oss blei vinden vanskeleg. Eg heldt ein tordentale i pausen for å vekkje spelarane. Vi gjorde også nokre endringar før andre omgang.

Dermed losna det før Florø og på eit kvarter skåra dei tre mål etter pausen.

– Men det var ein jamn kamp heilt ut. Sotra var eit hardtarbeidane lag og skåra eit mål til. Det stod 2–3 til om lag ti minutt før slutt. Då fekk vi ein straffe som Christer Husa sette i mål.

Tok vekk fokuset

Rognsø seier resultatet i dag viser at laget har gode kvaliteteter, sidan dei klarer å hevde seg etter all merksemda dei siste dagane.

– Det har vore stas og masse lovord, men det har teke vekk fokuset for meg, klubben og spelarane. No er vi veldig nøgde med dei tre poenga vi tok med oss i dag.

Han vil særleg framheve kaptein Andre Reksten i dag.

– Han er enormt god og stabil. Han var ein av våre beste spelarar i dag.

No blir det fullt fokus på cupkampen mot Brann på torsdag.

– Vi gler oss enormt til den kampen, seier han.