Rashad Mohammed i aksjon mot Vålerenga 2.
Både store og små hadde teke turen til Florø stadion for å heie fram kystbyen sine store heltar.
1320 personar møtte opp for å sjå Florø-Vålerenga 2
Det vart til slutt tre nettkjenningar for dei blåkledde. Her kastar spelarane seg over kvarandre etter Stefan Aase si skåring i det 34. speleminuttet.
Rashad Mohammed var sterkt delaktig framover for heimelaget.
Det var topp stemning på tribunane. I strålande fint haustvêr vart heimepublikummet varta opp med svært godt spel.
Stefan Aase i kampen mellom Florø og Vålerenga 2
Oliver Rotihaug fekk sjansen for dei blåkledde då Runar Hove måtte ut med skade.
Endre Kupen skulle veldig gjerne hatt to skåringar i kampen mot Vålerenga 2. Han fekk inn ein fulltreffar like etter pause, men noterte seg med ein bom på straffa han fekk litt seinare i andre omgang.