– Amundsen har eksperimentert med den psykiske helsa til folk, seier advokat Ivar Blikra, som representerer tre av dei fire kvinnene som har klaga på psykolog Rune Amundsen etter å ha gått i behandling til han.
Tre og eit halvt år har det teke å få ein konklusjon på bordet, men frå og med i dag kan ikkje Rune Amundsen kalle seg ein autorisert psykolog lenger. Så grove feil meiner Helsetilsynet han har gjort at dei gjekk til det drastiske steget å ta lisensen frå han.
Regresjonsterapi
For ved å nytte såkalla regresjonsterapi – der pasientane reiser tilbake i tida og skal oppleve tidlegare liv – har han påført andre store traumer.
– Den eine pasienten vart teken tilbake i tid til eit liv som SS-offiser i Tyskland og skulle ha stått for gassing, tortur og drap av jødar. Dette har naturleg nok framkalla sterk angst hos kvinna, fortel Blikra.
Blanda roller
Advokat Ivar Blikra
I følgje rapporten frå Helsetilsynet skal Amundsen ha blanda saman roller; kona har vore nytta som støttekontakt for ei av kvinnene, og ein av pasientane skal ha utført ulønna arbeid for psykologen.
Advokat Ivar Blikra er ikkje i tvil: Amundsen har gjort vondt verre for mange av dei som har gått til behandling hos han.
-Dette kan ikkje reknast som noko anna enn kvakksalveri! – seier Blikra.
To av kvinnene krev no erstatning for overlasta dei meiner å ha lidd; sjå Krev erstatning frå Amundsen.