Hopp til innhold

Florø passe nøgd etter seriestarten

(EGERSUND – FLORØ 1-1): Nyopprykka Florø spelte i dag sin første kamp i 2. divisjon på 13 år. Trenar Terje Rognsø er sånn passe nøgd etter debuten til laget sitt.

Egersund - Florø

UAVGJORT: 2. divisjonsoppgjeret mellom Egersund og Florø enda 1-1. Stillinga ved pause var 0-0.

Foto: Olaf Omdal/Dalane Tidende

– Vi visste det blei ein tøff bortekamp mot Egersund. Eg er ikkje misnøgd, men heller ikkje heilt nøgd med kampen i dag, seier Terje Rognsø til NRK.no rett etter kampslutt.

LES OGSÅ: Klare til å bite frå seg etter lang oppkøyring

Florø skåra først

Terje Rognsø

JAMN KAMP: Trenar Terje Rognsø seir kampen stod og vippa og at begge laga hadde målsjansar.

Foto: Alf Vidar Snæland

Det blei ein tett og jamn førsteomgang, sjølv om Egersund starta best. Rognsø seier dei etter kvart kom meir inn og fekk fleire moglegheiter i slutten av omgangen. Stillinga ved pause var 0–0.

20 minutt ut i 2. omgang skåra Bjørnar Hove for Florø, men Egersund utlikna få minutt etter.

– Kampen stod og vippa og begge laga hadde sjansar, så slikt sett var det greitt med uavgjort i dag, seier han.

Spelte på dårleg bane

800–900 heimesupporterar frå Egersund var på tribunen og viste stor entusiasme under årets seriestart. Men med ei ganske dårleg grasbane, blei det ein utfordrande kamp.

– Banen var ujamn og humpete, så det var vanskeleg å spele. Den er mykje dårlegare enn vi er vane med heime i Florø. Vi måtte leggje om spelestilen og det er ikkje det vi er best på, seier han.

Trenaren seier dei merka nivåforskjell frå 3. divisjon i fjor til å spele mot betre lag i år.

– Men vi blei ikkje skremte på nokon måte, sjølv om Egersund er betre enn dei vi spelte mot i fjor, seier han.

No ventar ei travel veke med cupkamp mot Førde torsdag, junior-NM-kamp laurdag og seriekamp heime mot Vard Haugesund søndag.

– Vi har eit tøft program i venta, ja, seier han.