NRK Meny
Normal

Florø med sterk bortesiger i Fredrikstad

Etter fem kampar kom endeleg årets første siger for Florø Fotball. – Fantastisk avslutning på ei trøblete veke, jublar Florø-trenar Terje Rognsø.

Monir Benmoussa

MATCHVINNAR: Mounir Benmoussa sytte for Florø sin aller første siger i 1. divisjon.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Innbytar Mounir Benmoussa vart dagens helt for 1. divisjonsdebutantane frå Florø. Med fire uavgjort og eitt tap i sesongstarten, har kystlaget venta på årets første siger.

Laster innhold, vennligst vent..

– Akkurat no kjennest dette ekstremt viktig. Vi har tøffe kampar i mai, no får vi trua på det og vi håpar på fullt hus mot Start på laurdag. Dette var veldig viktig, og veldig kjekt, strålar trenar Terje Rognsø.

Trøblete veke – god slutt

Det er første gang han reiser frå ein stadion i 1. divisjon med tre poeng i lomma. Og at den skulle komme på Fredrikstad mot Ulrik Flo & co., var det ikkje alle som venta.

Terje Rognsø

KAN GLISE: Terje Rognsø kan glise etter sesongens første siger. – Vi har ikkje vore nøgde med prestasjonane til no, men vi har vist at vi er vanskelege å slå. Akkurat no kjennest denne sigeren som ein veldig viktig boost.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Vi har hatt ei trøblete veke med mykje sjukdom og skader. At åtte-ni mann er ute gir oss ein dårlegare treningskvardag. Vi reiser nedover utan seks spelarar som har starta for oss i 1. divisjon, men gutane viser karakter og snur kampen på ei vanskeleg bortebane, seier Rognsø.

Sanel Kapidzic lobba Fredrikstad i føringa fire minuttar før pause. 20 minuttar før slutt plasserte Erlend Hove ballen i eit opent mål etter pasning frå Halvor Solheim-Olsen.

Overtidsdrama

Ulrik Flo

IMPONERT: Ulrik Flo seier han har hatt surare tap for Florø, men vedgår at det er spennande å følgje med på Florø.

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix

Avgjerda fall på overtid, då Mounir Benmoussa kontra inn sigersmålet mot gamle lagkameratar.

– Det var sjansar begge vegar, men kampplanen vår fungerte etter kvart veldig bra. Vi lurte dei opp, og fekk kontra på dei, seier Rognsø.

Men det var eitt skår i gleda. Endre Kupen kan bu seg på eit lengre skadeavbrekk. Han måtte ut i pausen med lyskeproblem.

– Det er veldig synd for oss og han. I dag var Endre veldig god og skapte store problem for dei. Eg reknar med at blir ute ei stund, seier Rognsø.

Florø imponerte Flo

Stryningen Ulrik Flo spelte heile kampen for Fredrikstad. Han lét seg imponere av gjestane, sjølv om han meiner Florø var heldige som stakk av med sigeren.

– Dei har framleis mykje å gå på, og eg trur dei kan etablere seg i Obosligaen. Dei har spelarar som har null respekt for kven dei møter og har fokus på seg sjølve. Dei har kreative og robuste spelarar som spelar på det ekstraordinære, seier Flo som tykte det var hard kost å tape 1–2.

Laster innhold, vennligst vent..
Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå