Håpar fleire melder seg på i siste liten

Laurdag 26. april vert Florø maraton rett vest arrangert for 33. gong. Det er meldt 18 grader og sol på løpsdagen, og stemnesjefen håpar godt oppmøte både blant deltakarar og publikum.

Utsikten i Florø

RETT VEST: I år er både start og mål for løpa i Florø maraton rett vest i sjølve byen.

Foto: Arny Bjørvik

– Løpa på 10 km er dei mest populære.

Det fortel stemnesjef Leif Reknes. Han har vore sjef for Florø maraton rett vest i snart 20 år.

Gamal veg kravde ny løypetrasé

I år har dei valt å leggje om løypa. Før starta løpa på ulike stader utanfor byen og fleire av dei gjekk fleire av dei gjekk langs gamlevegen utanom Sundafjelltunnelen på veg inn mot byen.

Med åra har gamlevegen blitt svært dårleg og rasfarleg, og i fjor måtte dei rydde vegen for steinar i mange timar før løpet. Derfor har dei valt å både starte og kome i mål på Florø stadion i år.

At start og mål er på same staden har òg andre fordelar. Tidlegare måtte arrangørane frakte deltakarane ut til dei ulike startpunkta, men no slepp dei det. Det blir òg kjekkare for publikum sidan dei no kan få sjå løparane springe forbi same stad fleire gonger.

No har dei laga til éi løype på 10 km. Maratondeltakarane skal springe denne løypa fire gonger, halvmaratondeltakarane to gonger og dei som spring 10 km skal springe den éin gong. I tillegg kjem rundar rundt stadion ved start, vendingar og mål.

Etterlyser kvardagsjoggarane

Fredag ettermiddag var det 219 påmelde, men det er ope for påmelding heilt fram til løpet startar.

– Det pleier å kome folk og melde seg på same dagen, men i år er det løp både i Bergen og Oslo same dag som her i Florø, og fleire reiser kanskje dit i staden for, seier Reknes

Blant andre pleier Marius Vedvik, eit løpstalent frå Førde, å delta på Florø maraton rett vest, men i år skal han på sentrumsløpet i Oslo. Elles er det ingen profesjonelle løparar påmelde.

Det er mange ute og trenar i Florø på kvardagar, har stemnesjef Reksnes observert som sjølv joggar mykje, men det er få som melder seg på frå Florø.

– Kanskje dei er redde for å vise seg fram med startnummer på brystet? Men det må dei ikkje vere. Eg håpar fleire blir med, seier Reksnes.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.